Eg har ein V70 2007 modell, 126hk Diesel. Drosjekjørt, så 356000km. Har hatt ei skikkeleg skruøkt på den ifm eu kontroll, og skifta bærearmar og kuler foran, indre styreledd samt skiver og klossar. Bak er det komplette nye bremsar samt skjold og hjullager. Stor var difor skuffelsen når alt som var av varsellys lyste på prøveturen.. Ikkje mykje vits å levere på etterkontroll slik.. det var abs, antiskrens, motorfeil, srs og sikkert meir. Abs er min eigen tabbe, gløymte å fjerne dei gamle blikklokka i navet. Fjerna dei, så no er det berre sensor på eine sida att. Tenkte å prøva å måla den,den har jo fått litt juling både kabelen og sjølve sensoren. Kanskje bøyd ein mm? Leser feilkoder med ein Biltemalesar, den seier Abs feil høyre bak, sotfilter, luftmengdemålar og impact sensor høyre bak. Nokon som har ein ide om kvar eg kan starta? Airbag feilen har vert sidan ny omtrent,men har vert borte lenge når den har blitt resett. No er den der heile tida... litt lettare oppgitt no. Har jo ikkje rørt sotfilteret?