Oppdaga lekkasje på støtdempar venstre side bak, og tenkte det berre var å kjøpe nye demparar og skifta dei - og det er det jo.....
Fekk pris på kr 13500,- for 2 stk støtdempere og det er med 10% rabatt..... har sjekka litt rundt og det ser ut til at det kun er Volvo som leverer desse demparane.
Mine demparar har delenr 30635776, men ser også at det finst med delenr 30683451 - er nokon her som veit forskjellen på desse? Tenkjer då på om dei kan brukast om kvarandre.
Er det nokon som har erfaringar med å byggja om til utan nivåregulering?
Har fundert litt på å montere sportsunderstell med bilstein dempere framme og bak - då dette kostar omtrent det same som 2 stk nivådempere.
Er det berre å "hoppa" i det å kjøpa nye demparar eller finst det nokon fornuftige alternativ?
Set pris på om nokon har erfaringar å dela.