Brukere som er tagget i denne tråden

Viser resultater 1 til 25 av 94

Tråd: Øygard sin 145 frå 1970. Til salgs

Threaded View

Forrige innlegg Forrige innlegg   Neste innlegg Neste innlegg
  1. #1
    Øygard sin avatar
    Medlem siden
    20. april 2011
    Sted
    Holmefjord, Fusa
    VCCN medlemsnummer
    832
    Innlegg
    4.863
    Antall takk

    Standard Øygard sin 145 frå 1970. Til salgs

    Jau, då har eg investert igjen, denne gongen vart det ein 46 år gammal 145. Bilen vart henta på ei øy nordvest for Tromsø for 10000 kroner, for at eg skal ha ein billig bil no når eg er i militeret oppe i nord. Det er ingen strøken bil, men EU-godkjent ut året og fullt brukbar.
    Det kjem ikkje til å bli gjort store ting med det første for eg har jo litt begrensa med både tid og pengar, men nåken ting må/bør gjerast i løpet av året.
    Bilen blei kjøpt hos ein kar som importerte den frå Sverige i 2002 for å ha den til arbeidsbil. Han har gjort dei reparasjonane og det vedlikehaldet som har vore nødvendig, som oljeskift, ny klutsj for 3 år sio, ny hovudsylinder no nyleg, overhalt kaliprane for nåken år sio og sikkert litt andre ting, men den har nok forfalt litt likavel.

    1 Få kupevifta til å virka alltid og ikkje berre nesten alltid

    2 Montera skvettlappar bak

    3 Kanskje prøva å få tatt litt rust

    4 nye vinterdekk (dei som står på no er 14 år gamle og manglar piggar bak)

    5 Fiksa oljelekkasje frå motoren.

    6 Skifta til rustfrie skruer til parklysglaset og få vekk merka etter rustvatnet som har ronne der

    7 Mange andre småting


    Som dåke ser er ikkje lakken fin, han har blitt omlakert i Sverige ein gong i tida, men det bør gjerast igjen, for det er fullt i rustflekkar på heile bilen, men det einaste eg har funne av grov rust er i hjulbuane bak og litt på høgre framdør. Kanalar, golv ogsånt ser bra ut. Hjulbrønnane har blitt lappa på med glasfiber, men det ser faktisk ganske greit ut so eg lar det vera sånn inntil vidare.
    Som dåke ser har det blitt montert original radio som virkar, men høgtalaren er ikkje veldig bra lenger, so dei som er ettermontert i framdørane blir nok tatt i bruk igjen.
    Det eg har gjort med bilen til no er å fylla bensin, kjørt litt og fylt luft i dekka og eg syns bilen er fin å kjøra med to unntak: litt for stor dødgang på styringa, og når eg kjører i over 70 har eg veldig lyst å skifta til 5. gir

    På sommarfelgane er det sånne hjulkapslar som ein strur fast med ei skrua i midten. Dei koppane som skal stå i felgane som ein skrur kapslane fast i manglar det ein av, so gje ein lyd viss nåken har ein til overs

    Litt bilde, har kun frå salgsannonsa foreløpig. Leg merke til registreringsnummeret.







    Rust i bakskjermane, spesielt den eine


    Original radio og høgtalar



    Eg har nokre gamle små gule grøftalys/kjørelys som eg lurer på om eg ska montera, vil gjerne høyra andre sine meiningar om det, og viss nåke har bilde av korleis det ser ut er det og intressant, kom gjerne med andre forslag og.
    Sist endret av Øygard; 02/02/17 kl 23:45
    77 Volvo 242L
    93 Volvo 940se
    79 Volvo 244 DL
    89 Volvo 245
    03 Volvo S60
    90 Toyota CarinaII
    85 Volvo 245 GL
    95 Volvo 855
    87 Toyota Hiace
    71 Massey Ferguson 135

Lignende tråder

  1. Svar: 1611
    Siste post: 20/05/21, 01:08
  2. Øygard sin 940se
    By Øygard in forum 700 / 900 / x90 -serien
    Svar: 491
    Siste post: 20/05/21, 01:06
  3. Øygard sin 850
    By Øygard in forum 850 / x70 -serien
    Svar: 63
    Siste post: 20/01/17, 20:12
  4. 145 Express 1970 modell selges!
    By Nyland in forum Biler selges / kjøpes
    Svar: 18
    Siste post: 26/05/12, 19:38
  5. 1970 Volvo 145 express
    By Nyland in forum Biler selges / kjøpes
    Svar: 4
    Siste post: 25/04/11, 15:05

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •