På tide med en liten logg på vår nye traktor.
Vi har innsett at Volvo er bilen for oss etter eit lite opphald.
Hadde i ca eit år fjor ein Mazda CX-5 2.0 SportAWD- for en kjedelig bil, mangler sjel!
Etter det har vi hatt ein 2009 Jaguar XF 2,7D Biturbo i ca eit år, her manglar ikkje sjel i det heile, men den er litt upraktisk for ei småbarnsfamilie med mange prosjekt rundt hus og garasje på gang.
Solgt med klump i halsen, kjem til å savne den bilen...
Derfor henta vi for ei veke sidan ein 2008 XC70 med det aller meste av utstyr.
Til og med ein R-Design logo i grillen som forrige eigar sikkert synes var veldig fin
Kort oppsummert:
Driver support pakken
Adaptiv Cruisekontroll
Four-C
RSEmed trådlause headset
Fjernstyring på dieselvarmar
Navigasjon
Elektrisk bakluke
Telefon (problem å få registrert SIMkort, nokon tips??)
Pegasus 18" til sommaren, er veldig spent på korleis det vil ta seg ut!
Eksosanlegg med ukjent opphav og 2 enderør.
Litt bilder må til, fleire kjem etterkvart som våren nærmar seg.