Opprinnelig postet av
The Bear
Hei. Har laga meg ein søknad for motorbytte no. Er denne bra nok?
Søknad om motorbytte
Registreringsnummer: SR 31283
Merke/modell: Volvo 740 GL
Årsmodell: 1990
Eg ønskjer å utføre eit motorbytte på min Volvo 740 1990-modell. Originalt står det ein B230F motor med elektronisk innsprøytning i denne bilen. Eg ønskjer å bytte ut denne motoren med ein original B230FK motor med elektronisk innsprøytning og turbolader.
Motoren eg har planar om å sette inn er ein 1996 modell fra Volvo 940 og eg har dokumentasjon og kvittering på motoren.
Kort info om begge motorane:
B230F:
4 syl. 2316cm3
116 HK/185 NM
Bosch LH 2.4 motorstyring og katalysator.
B230FK:
4 syl. 2316cm3
136 HK/230 NM
Bosch LH 2.4 motorstyring og katalysator.
Volvo Norge godkjenner effekt opp til 238 HK (175kW) og 310NM ved montering av nye støtdempere foran og bak. I tillegg må det monteres krengingsstabilisator med diameter 21mm foran. Støy- og utslippskravene vil bli oppfylt ved å bruke katalysator og eksosanlegg med to lyddemparar (lydpotter).
Motorbyttet vil naturligvis ikkje bli utført før eg mottar klarsignal frå dere.