Lagar ein liten prosjekttråd på 940en som eg kjøpte i Bergen vinteren 2013.
Det er ein grå 940 SE sedan 93-modell som var gått 342000 km. Motoren er ein B230FD og girkassen vanleg M47.
8500,- kosta bilen, med litt småting som måtte gjerast + EU-godkjenning. Planen var eigentleg å fiksa han og sella han med litt forteneste sidan eg var arbeidsledig då, men sånn blei det ikkje. V40en rauk, og eit par dagar etter fekk eg jobb og hadde då ikkje nåke ant valg enn å ta den i bruk.
Utstyret på bilen er svart delskinninteriør som er litt slete på førarsetet,
4x el. vindu, varme i speil,
rullegardin i bakruta, rutegrill,
Veit ikkje kor spesielle desse tinga er då...
Når eg skulle kjøra bilen heim etter å ha kjøpt han oppdaga eg at oljelyset blinka når eg svinga fordi det var alt for lite. Fylte på litt og kjørte heim, og når eg kom heim og skifta olje på han var ho kolande svart og på slutten kom det litt "graut" og, so han har ikkje hatt det so godt dei siste åra, men no skiftar eg olje på han kvar 10000 km, brukar syntetisk 5-40 og treng ikkje etterfylla mellom oljeskifta sjølv om han er gått 380000 km, det er bra!
Ting som eg har gjort:
Skifta blinkelys framme, begge var øydelagte
Skifta bakerste delen av eksosanlegg
Skifta termostat
Overhalt bremsekaliperane framme
Montert snowcap,
Montert skvettlappar framme og bak
Kjøpt hydrafelgar
Skifta alt av bremsar bak
Nye sommardekk på hydrafelgane
Montert original vinga med bremselys
Montert ekstralys
Montert refleksplata
Lakka taktrekket svart
Montert sigarettennaruttak i bagasjerommet
Skifta skjever og klossar framme
Nye vinterdekk
og litt til
Planar:
Ta ut motoren og girkassen for å skifta alt av pakningar og samtidig ta litt rust i motorrommet før det blir for mykje
Sandblåsa bilen under og behandla med nåke bra sånn at han ikkje ska rusta meir.
Halda bilen i god stand og fiksa dei småtinga som ikkje er som det skal
Bilde frå samme dagen som eg kom heim med han, måtte bruka piggdekk frå 240 for å kommma meg opp til huset