Eg har eit problem med 242en min, og ville sett stor pris på nåken gode råd om korleis eg skal løysa det.
Det gjeld bensinmålaren, den viser altfor mykje. Når eg fyller full tank viser den litt meir enn fullt (77-modell med gamle typen dashbord), No på fredag, trur eg det var, var nåla komt ned til det raude feltet, eg tenkte at eg sikkert hadde nåken liter gjen, men plutseleg stoppa bilen, og var tom for bensin. Me fekk fylt på litt motorsagbensin og kom oss til bensinstasjonen, og fylte 15 liter, då viste målaren plutseleg halv tank. Viss det er nåken som har ein ide om kva feilen kan vera, og korleis eg kan ordna det, blir eg veldig glad.
Takk for alle svar!