The Bear's Volvo 740 Herregårdsvogn.
(Slik den der ut i dag.)
Hei folkens!
Tenkte eg sku leggja ut prosjektet mitt her og etter ca. 1 år på Bilforumet.no sitt Prosjektforum!
Er da 14 år og bilen blei kjøpt inn Vinteren 2009/2010 og eg har då jobba med bilen i ca. eit år allerede.
Merke: Volvo. (Selvfølgelig)
Modell: 740 Stasjonsvogn/ 745 GL.
Årsmodell: Sein 1986/1987
Motor: Orginalt B230K men er bytta ut med ein B230F med LH 2.2. ledningsnett.
Ineriør: Svart
Prosjektet har til nå foreløpt seg slik:
Bilen blei kjøpt inn då eg blei lei den gamle Toyotaen som eg hadde jobba på i eit halvt år. Var så himla mykje rust på den. Så då fant eg denne 740'en som eigaren ville ha 5000 kr. for. Eg kjøpte bilen og fekk den heim. Han sa det ikkje sku vera så masse rust på den men det viste seg at det var løgn.
Første eg gjorde når eg fekk den heim, var å demontere heile interiøret for å sjå etter rust. Fant ut det var ganske mykje rust på bilen, men det var overkommelig, er jo tross alt bare 14 år, så har masse tid! . Heile golvet på venstre side av bilen var rustbrunt, og blei bare verre når du skrapa i det. Så da var det bare for pappa å kjøpe seg nytt sveiseapparat. Det vart også funne rust ved batterikasse, spylevæskebeholder, begge hjubuer bak, som sagt golvet, og i bagasjerom. Rusta i golvet blei skjært ut og det blei sveist inn nytt, friskt metall. Fekk også sveist rusta i motorrom og rusta som er i hjulbuer og bagasjerom vil bli sveist til Høsten (2011) for då eg har planar om å plukke sont bakakselen og gi den ein real overhaling. Hadde mange strøk over golvet inni bilen med bengalakk slik at det ikkje skulle ruste igjen. Interiøret blei montert igjen, og samtidig gav eg interiøret ein skikkeleg vask. Holder på å vaske setetrekka som hører til bilen, så bæsjebrune donorstolar blei satt inn.
Då bilen var komplett igjen og eg hadde fått den til å gå, blei den brukt litt på privatvei heilt til eg gjekk lei den grusomme B230K motoren som forøvrig hadde ettermontert Single-Weberforgasser. Den hadde manuellchocke men ville ikkje gå skikkeleg på tomgang kald eller som varm. Dessutan gjekk den forferdelig dårlig, så ein 744 delebil med B230F motor blei kjøpt inn. Bilen var gått 417.000 km men motoren gjekk som om den skulle ha gått 200.000 mindre. Altså, den gjekk silkemjukt og fint. Så motoren blei plukka ut av delebilen og eg tok ein real service, malte blokka og gav den litt shinings. Så blei motoren hiven i prosjektbilen og etter mykje krøll med ledningsnett så fekk eg den til å gå, 1. nyttårsdag i år. (2011). Så etter da har det bare blitt retta opp i småplukk og diverse småtterier som var gale. Bilen går som eit skudd og går betre enn den orginale B230K gasseren!
Ellers så har 1000-metringene som fulgte med bilen blitt flytta bak grillen og mykje anna småtterier blitt gjort.
Fremtidige planer er vedlikehold stort sett, få den på Eu-godkjenning, få tak i delskinninteriør, få tak i turbomotor, få tak i orginal styling (addon m.m.), og mykje anna.
Skal være strøken til 18-årsdagen, men det første målet mitt er at den skal være i bruksstand til Konfirmasjonsdagen min i Mai i år, for då skal det leigast prøveskilt og eg skal kjøres i den til kyrkjo.
Her er nokre bilder frå prosjektet så langt:
(Dette er bare nokre bilder av det store prosjektet, legger heller ut fleire bilder fra prosjektet ein annan dag. )
Dagen vi var å såg på den, heilt grei, men også ganske slitt og rusten. Lakken var i ganske god stand.
Dette bildet er fra kvelden bilen blei henta.
Dette også.
Såg slett ikkje så galen ut, men det var som sagt ganske mykje rust i golv og hjulbuer.
Underveis i demontering for leiting av rust.
Og slik såg golvet ut under alle de våte mattene. Huff å huff.
Golvet i baksetet var papirtynt, så gikk drastisk til verks.
Masse overflaterust...
Rust så langt øye rekker!
Underveis i sveisinga av golvet.
Flintstone bil.
Fått tatt litt rust under støtfangeren.
Slik blei golvet etter nokre månadar med skruing og sveising!
Hjemmeprodusert gulvplate!
Nyvaska tepper som blei montert inn i bilen.
Her har eg akuratt fått 1000-metringene bak grillen!
Tectylert innerskjermene.
Underveis i sveising av batterikasse og i hjulbue ved spylervæskebeholderen.
Tectylert hjulbuen.
Bilen hadde eit sett med V70 felger på ei stund, men dei blei tatt av igjen og erstatta med orginale stålfelger til 740.
Sommer 2010. Etter eit halvt år i garasjen under rustsveising og generelt litt småfiks rundtom såg den slik ut. Ser noko annerledes ut pr. Februar 2011.
Så blei det tomt i prosjektbilen. B230K'en blei heve utav.
Her er B230F'en stående i delebil. Motoren var her gått 417.000 km men gjekk endo silkemjukt. Motoren blei som sagt plukka utav og delebilen ribba.
Og slik blei B230F'en etter litt lakk og stell! Storservice var også selvsagt etter så mange kilometer.
Motor heist i bil. Valgte å hive den i uten noko montert, for å få plass i garasjen igjen, så eg tok litt og litt mens motoren stod i bilen.
Fått lakka diverse stuff.
Slik blei resultatet av motorbytte:
Ferdig så langt. (Litt småplukk igjen, som lakkering av topplokk, lakkering av innsug og mindre ting som skal til for at motoren blir heilt 100% strøken.) Lakkering av deler av motorrom gjenstår også.
Slik ser bilen ut pr. Februar 2010:
Blei bra etter vask!
Tusenmetringer inni grillen!
Kommer med bildeoppdatering så ofte eg kan! Håper på positive tilbakemeldinger! Kommenter i vei.