V70 (2012) problem med lås.
Har fått eit problem der låsen på venstre bakdør ikkje går heilt ned. Den låser seg nesten når eg brukar nøkkelen. Men tar i eg dørhandtaket 2-3 ganger så åpner alle låsane seg. Enkelte eg snakka med meinte at dette kunne løysast ved å smørre. Men så ringte eg Volvo og dei meinte at låsekassa må skiftast. Og dette skulle dei ha 4700 kroner for!
1. Må låsen skiftast eller er dette mulig å fikse?
2. Fann låsekasse til 700kr på nett. Er det vanskelig å skifte denne sjølv?