Lenge sidan sist oppdatering no. Pentafelgane er lakka og har fått vinterdekk på, men bilen står framleis på sommardekk. Grunnen er at eg reiste i militeret på nyåret, og bilen vart derfor avskilta rett før nyttår. Fram til då brukte eg berre 850en, som uansett song på siste verset, for å sleppa å få salt på denne. No har han stått tørt og fint i ein garasje i 2 mnd, og eg har endeleg fått ei veka perm so då må eg ta ein tur og få starta han opp ein av dei neste dagane, reknar ikkje med at det skal bli nåke problem :)
edit: Jada, starta lika lett som alltid, fekk gå seg god og varm før eg kjørte ein liten tur og parkerte i garasjen igjen :)