Opprinnelig postet av
Øygard
Når det er so lenge sidan er det vel truleg at bilen har skifta eigar eit par gongar i mellomtida sånn at ein ikkje kan forventa at du veit om det ein gong. Når det er so lenge sidan er det ikkje so nøye, meinar eg, og det er det to grunnar til. Bilen er so gammal og sopass billig at det ville ikkje hatt so stor betydning for prisen lenger,sånnsom det kanskje ville hatt for ein bil i millionklassen.
Det andre er at grunnen til at prisen skal vera lavare, og kjøparen sa få veta om sånt er jo at det kan tenkast at alt ikkje har blitt lika bra som det var. På Hiacen vår har det begynt å rusta under sparkelen og den har begynt å sprikka opp etter ein gammal skade på bakluka som vart fiksa på merkeverkstad for mange år sidan, men det kan jo vera verre ting og på bilar som har vore totalvrak, sjølv om det i utgangspunktet ser ut som det har blitt gjort bra arbeid. Viss det ikkje har vist seg tegn til sånne ting etter over 15 år trur eg ikkje det kjem til å skje heller, og det vil aldri ha nåke betydning for dei som kjøpte bilen.