Moment (M) og effekt (P) er to sider av samme sak.
M=P*1000/(rpm*2*pi()/60) (P i kW, M i Nm)
P=M*(rpm*2*pi()/60)/1000
I ein bremsebenk kan ein måle moment ved eit turtal og rekne ut effekt, eller ein kan aksellere ein trommel med kjent massetregheit og finne tilført moment/effekt.
Toppeffekt åleine derimot er ikkje nok til å vurdere eit oppsett mot eit anna.
Arealet under effektkurva er viktigare. Arealet kan sjåast på som eit uttrykk for arbeidet som vert utført.
Maksimalt moment seier heller ingenting om f.eks. 0-100 akselerasjon. For 0-50 kan kanskje ein tidleg momenttopp vere gunstig.
Men forma på effektkurva er avhengig av momentkurva.
To identiske bilar med motorar som har samme toppeffekt og samme maksimale dreiemoment kan ha ulik akselerasjon.
B6304 med 204HK og 180HK har omlag same 0-100 akselerasjon.
Dette fordi 180HK versjonen har høgare moment/effekt på lågare turtal.
Eit størst mogeleg areal under effekt- eller moment-kurva innanfor eit passande girskiftområde er vel det ein må sjå etter.
Når det gjeld forbruk, så vert det ofte rekna som gunstig å køyre på maks dreiemoment.
Dersom ein brukar motorens fulle yteevne, så kan det vere betre å velge eit noko høgare turtal.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/10/1010.jpg