Ja, det manglar ikkje arbeid. Heldigvis er bilen fullt kjørbar no so sånn sett hastar det ikkje men det beste er jo å få gjort det. Eg gløymte å skriva at eg må skifta hovedbremsesylindaren, framseta, skaffa ein skvettlapp høgre bak og ta litt overflaterust rundt bensintanken og bakakslingen. Sannsynlegvis må bensintanken ned for at eg skal få tatt det skikkeleg. I tillegg er det diverse småting som å kobla straum på ei klokka som eg monterte i dashbordet kort tid etter at eg kjøpte bilen og skifta eit bilbelte bak.
So eg har nok å gjera. Men sånn er det å ha gammal bil. Grunnen til at det har skjedd so lite er at eg har hatt so mykje andre ting å gjera, både med andre bilar og ting som ikkje har med bil å gjera. Og so er det mykje stygt ver og, i tillegg kostar mykje av det ein del pengar, og det likar eg ikkje. Men det skal nok bli bra til slutt.
Er det nåken meiningar om det med tusenmetringar, gule grøftelys eller nåke ant?
Her har eg bilde av eit ekstralys som broren min held fram på bilen for å sjå korleis det tar seg ut, og eg syns det var fint. Men eg må jo nesten ha to.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/08/2931.jpg
Og so får eg ta med nåken bilde til av bilen då.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/08/2932.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/08/2933.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/08/2934.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/08/2935.jpg
Og so har eg høyrt rykte om at 240 er traktor, so då tok eg og monterte hydrolikk bak på han, manglar berre kraftuttak før eg kan ha forhaustar på han no:
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/08/2936.jpg
Frontlessar veit eg ikkje om eg skal ha på han:)
Håpar på å få gjort litt meir snart.