Lurer på kva som skjer med V40en no, etterfylte motorolje i dag tidleg, før eg skulle av gårde og henta 940en. Starta opp og kjørte og alt var vel og bra. No i kveld skulle eg ein liten tur og henta ein fyr, og på vei heim merka eg at oljelampa blinka i ein sving. Kjørte vidare og det skjedde eit par gongar til, og når eg var eit par km heimifrå lyste ho i eit par sekund, eg var på vei til å stoppa motoren når ho slokna. Eg stoppa og peila olja, det viste ingen ting på peilepinnen. Det var riktignok litt oppoverbakke, men det viste ingen ting på peilepinnen. Og ingen synleg lekkasje, og når eg kom heim og parkerte syns eg det lukta litt motorolje av eksosen. reagerte på litt rar lukt tidlegare i dag og, men då trudde eg det kom frå ein traktor.
Han har jo brukt ein del olje i mange år, men longt i frå so gale. Mistenker ventiltetningar, meinar å ha lest ein gong at dei av og til takkar for seg på dessa bilane?