Han blir varm når eg har termostaten i ja, so eg har kjørt utan termostat lenge no. Brukar radiatorgardin (plastpose) for at han ikkje ska vera for kald. Det kan jo vera toppakningen, men viss eg skal til og skifta toppakning og vannpompa på han, passar det fint å gjera litt andre ting samtidig, han svettar ein del olje her og der og litt sånt. Viss toppakningen er i orden må det vera nåke ant som er gale, kanskje nåke som blokkerar ein kjøleveskekanal i motoren eller nåke sånt. Derfor tenkte eg å hiva i ein an motor mens eg fiksar den eg har, sånn at eg kan bruka bilen. Og viss eg får den motoren eg har til å fungera skikkeleg, blir den lakkert sånn at det ser fint ut og so blir han sett tilbake i bilen. Har ikkje råd til å kjøpa mykje delar til den motoren eg har heller no, det blir fort nåken tusenlappar i delar.
Edit: Har aldri kokt han nei, har past på å stoppa han før han vart so varm, men det var ein gong visaren kom akkurat opp på det raude og då høyrte eg at det putra litt nedi dar:)