Det kjem jo veldig an på kva bil det er. Eg trur ikkje eg ville reist Norge på longs for å sjå på ein bulkete rustholk.
Men når eg kjøpte 242en reiste eg til Trondheim med fly, og hadde det ikkje vore stengte fjellovergangar og kolonnekjøring sånn at me måtte ta mange omveiar + at me måtte venta i fleire timar på grunn av ras, hadde me sikkert komt heim samme dagen. Eg hadde dessa krava til bilen eg skulle kjøpa: Det skulle vera 240 veteranbil, ikkje alt for mykje rust, manuellgir, sedan og nesten original, sånn at han lett kunne bli heilt original. I tillegg hadde eg ikkje tenkt å bruka meir en 15000,- på bil.
Det er ikkje so veldig mange å velga mellom då, men eit par veker etter at eg hadde fått lov til å skaffa meg ein bil og at eg tapte ein budrunde på ein oransje 244 frå 1975, dukka denne opp på AutoDB, og eg skulle få han for 18000,- Han hadde hatt ein eigar, var EU-godkjent for eit halvt år sidan og so var det jo litt artig at han var heilt identisk med ein som bestefar hadde ein gong:) So eg kunne nok reist mykje lengre enn til Trondheim for å henta han. Men som sagt ville eg ikkje reist so longt for å henta ein sånn som 245en min:p Den sto ca 3 mil frå her eg bur:)