Är tankpumpen kass brukar bilen gå sämre under halv tank.
Printable View
Är tankpumpen kass brukar bilen gå sämre under halv tank.
Åja, det har eg ikkje merka på denne. Får vel berre testa tankpumpa når eg kjem heim :)
Her har det skjedd lite, veldig lite. Grunnen er at eg nesten ikkje har vore heima i det siste. Var heima ein dag no og to dagar for seks veker sidan, og har då ikkje fått gjort ant med bilen enn å starta han og kjøra litt for å få bevegelse i bremsar og sånt. Det einaste som ikkje er bra er jo ABS-lyset som som tidlegare nevnt har begynt å lysa. På nyåret blir det etter planen skilt på bilen igjen, og EU-kontroll. Det eg veit om at eg må gjera før den tid er å få vekk ABS-lyset, Skifta tomgongsregulator pga feil turtal på tomgong. Har prøvd forskjellige men blir ikkje bra uansett, men eg trur likavel at det er der problemet ligg, for det forandrar seg litt når eg skiftar tomgongsregulator. Veivhusventilasjonen må fiksast, for egreknar med at veivhusventilasjon av gamle brusflasker ikkje er veldig populært. I tillegg må eg skifta eit indre endeledd og ei berekula, har kjøpt inn alt for lenge sidan. Oljeskift blei gjort før han blei parkert før jul, og kjøleveska er heller ikkje gammal, han står i ein tørr og god garasje so eg trur bilen har det bra.
Han blei kjørt to turar på salta vei før eg parkerte han, men eg har vaska han grundig, og har lyst til å beskytta han litt før eg drar han ut på saltet igjen. Tenker då spesielt på inni holrom og kanalar, der ein ikkje kjem til. Dei plassane som er greie å koma til skal sandblåsast, forhåpentlegvis til sommaren.
Er det nåken som har erfaring med behandling av holrom? Eg veit det finst sånn tynnflytande voks som er meint til formålet, men sagkjedeolje blanda med diesel skal og vera bra, men kva er best? Eg tenker at dei voksgreiene kanskje er best på nye bilar, mens på ein gammal bil som allerede har begynt å rusta er sagkjedeolje best, men det er berre spekulasjonar. Nåken som har erfaring eller peiling? Tenkte og å gå over elektriske kontaktor rundtom som er utsett for fukt, og setta dei inn med nåke fett for å unngå problem med dårleg kontakt her og der. Fløytene er jo eit eksempel på det, dei er idiotisk plassert på dessa bilane, det er ikkje lenge sidan eg skifta dei, men no virkar berre den eine. Ska prøva å finna ein meir fornuftig plass til dei eller beskytta dei litt der dei er.
Tar gjerne i mot gode råd når det gjeld rustbeskyttelse, har ikkje funne so mykje om det her på forumet (har kanskje ikkje leita veldig mykje heller).
Tror nok at olje i hulrommene er best på gamle biler testet dette for noen år siden på en gammel Toyota som hadde mye overflate rust inni kanalene
den ene siden ble sprøytet med spill olje og den andre ble sprøytet med voks og etter noen år så hadde det rustet igjennom på siden med voks
mens siden med olje var helt fin den voksen er jo bare beregnet for beskyttelse ikke stopping av rusta.
Vis du tenker og sandblåse bilen under så ville jeg ha lagt grunning på bart metal før jeg la på tektyl da det er mange som bare sandblåser bilene og
sauser på tektyl på bart stål noe jeg har hørt fra flere gamlinger at ikke er bra. Når det kommer til tektyl så kan jeg anbefale hagmans carasol f40
tørker mye raskere en biltema sine og er mer slite sterk men koster dessverre mer pr boks fås kjøpt på eks bilxtra.
Det var ein veldig inytressant undersøkelse. Har gjort liknande sjølv, men ikkje med tectyl, berre forskjellige typar grunning og lakk.
Ja, tectyl rett på stål er ikkje bra, for den er ikkje tett nok, og det vil etter kvart begynna å rusta under tectylen, og du ser det ikkje før det har blitt veldig gale. Derfor, bruk alltid ei bra grunning først, men den er heller ikkje heilt tett, so du må ha nåke an maling/lakk i tillegg til grunninga for å få det holdbart og bra. Kanskje eg ska prøva den tectylen du anbefaler, har kjøpt frå biltema tidlegare, men har ikkje vore veldig fornøgd med den, den på sprayboks er lika klissete fleire år etter, og den andre blir veldig fort veldig hard.
Har lest litt meir rundtom, og trur eg havnar på sagkjedeolje som eg blandar med diesel for at det skal trekka ekstra godt inn. Dieselwen vil etter kvart forsvinna. Kanskje eg gjer det to gongar, med litt mindre diesel i andre gongen. Det er viktig at det er heilt tørt der behandlinga skal gjerast, det trur eg det er når sist bilen fekk vatn på seg var i august. Men so såg eg på eit eller ant forum at det vart snakka om å bruka sånn voks/tectylgreier for holrom i tillegg til olja for å "forsegla" den og sleppa å gjenta den so ofte. Nåken meinte det var lurt, andre ikkje. Det vil jo gjera at ein slepp å behandla det lika ofte, sidan den tørkar litt etter kvart, i motsetning til sagkjedeolje, men på ei an sida vil det kanskje vera til hinder den dagen det blir behov for ny oljebehandling, sånn at den ikkje får komma til og trekka skikkeleg inn. Eg må tenka litt, og undersøka litt før eg bestemmer meg for kva eg gjer. Kom gjerne med innspel, vil tru at detta intresserer fleire enn meg. :)
Alltid bra att rostskyddsbehandla.:D
Ja, det blir brukt so mykje salt at det er heilt nødvendig for at bilen skal vara lenge.
Ja tyvärr är det så. :(
Trur dåke det er lurt å bruka fjører til stasjonsvogn bak på sedan? Det har jo ofte blitt gort på 240men har nesten aldri høyrt om det på 940. Syns han fort blir litt segen bak. Og so lurte eg litt på sånt ambulansestag, har det nåke for seg? Det er jaffall dyrt, so tenkte å kanskje laga det, men merkar du forskjel med og utan?
Nivomat! Har det på min, helt knall. Kan kaste inni alt jeg vil og bilen er like høy bak :) eneste minuset for min del, er at den ikke blir lavere med senkefjører, men det spiller vel ingen rolle for deg :)
Jeg har liggende campingfjører til 940 sedan du kan få billig om du vil!
Korleis er tilstanden på dei?
Vurdera å kjøpa motorvarmar og montera i bilen. Ser Biltema har til ein grei pris, og tenker at det dei har sikkert funka heilt fint.
Veldig lite brukt. Kjøpt nye på bcb for noen år tilbake
http://forum.vccn.no/img-dump/2016/11/869.jpg
Kor mykje vil du ha for dei då?
Sjølvsagt ville eg helst hatt defa ja, men ser det er ganske stor prisforskjel, og tenker då at viss biltema sitt system er godt nok er det jo alltid hyggeleg å spara pengar. No er jo ikkje ein motorvarmar eit veldig komplisert system, so eg vil tru at biltema sitt og er brukbart.
Nei, er sikkert greit det. Har du det travelt med å få dei vekk? Kjører muligens forbi deg om tre veker, litt avhengig av ver og føre på fjellet.
Neida, de har ligget i uthuset lenge så jeg har ingen hast :) Sving innom når du kommer over fjellet da, så skal du få kaffe ;)
Vil tru eg kjem forbi den 17 eller 18 desember, på veg frå Nordnorge og heim til Vestlandet:)
Åja, stemmer du kommer den veien ja! Det spørs om fjellet er åpent da, men det har skjedd før det at fjellet har vært åpent nesten til jul. Alternativet er Strynefjellet da eller?
Strynefjell og Filefjell er vel som regel åpent. Dei andre kan ein vel ikkje rekna med på den tida, men veit jo aldri.
Om du skal kjøre strynefjellet, skal du kanskje kjøre gjennom lom uansett? Eller blir det en annen veg da? Uansett, det finner vi ut av når den tid kommer :)
Ja då blir det nok forbi Lom. Men eg legg ikkje opp turen for å få henta fjørene, men tar det viss det passar seg sånn. Viss ikkje får du senda dei i posten :)