Opprinnelig postet av
Øygard
I dag fekk eg tidleg fri og var ute og kjørte litt. Eg måtte stoppa for eit par bilar og då eg bjynte å kjøra kom det ein slag donkelyd frå bakaksel, mellomaksel eller evt girkassen. Ellers merka eg ingen ting spesielt. Eg prøvde å få fram lyden heima på tunet, men då var det ikkje nåke å snakka om. Det vart litt lyd men ikkje nåke unormalt, trur eg. Dåke får komma med tips viss dåke veit kva det kan vera. Viss lyden er der neste gong eg er ute og kjører må eg krypa under og sjå, viss ikkje får eg satsa på at det berre var nåke i bagasjorommet sjølv om det høyrdest ut som det kom frå drivverket.