Øygard sin Volvo 242 L 77-mod. og 87 245 jubileumsmodell
Denne tråden handlar om alle 240ane eg har eller har hatt.
Volvo 242 L frå 1977, 153000 km, kjøpt november 2009.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/568.jpg
Planar:
Ta resten av rusten og tectylera resten av bilen under
Vanleg vedlikehald og reparasjonar som måtte bli nødvendig
Få motoren til å fungera
Gjort:
Fiksa golvet (var store hol på begge sider bak)
Tatt det meste av rusten og tektylert store delar av bilen under
Skifta framsete
Skifta motor og klutsj
Mykje meir som eg ikkje huskar
Min første bil er also ein heilt original Volvo 242 L 77-modell, som eg kjøpte hos ein mann i Trøndelag hausten 2009, han hadde då eigd bilen sidan den var ny og han var godt tatt vare på, og ikkje kjørt meir enn 153000 km på nesten 33 år! Eg var då ganske nyleg blitt 15 år. Eg og pappen min tok flyet opp dar tidleg om morningen, og møtte han som eigde bilen på flyplassen dar oppe. Etter å ha sett litt på bilen og kjørt ein prøvetur med han, vart bilen betalt og me starta turen heimover.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/569.jpg Me måtte berre fylla litt bensin først.
Eg "kunne" jo ikkje kjøra, men den var vistnok god å kjøra, og det var nok futt i den til å halda følge med dei andre i oppoverbakkane med fira sommardekk i bagasjerommet.
Eg kan visa litt bide frå heimturen.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/570.jpg
Det var komt litt snø på Dovrefjell
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/571.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/445.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/572.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/573.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/574.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/575.jpg
Det var stengt over både Valdresflya og Sognefjell, so me hadde tenkt å kjøra over Strynefjellet, men fekk anbefalt å kjøra heilt til Lillehammer og litt forbi før me skulle svinga vestover, og forbi ein plass som heite Dokka og komma oss til Fagernes på eit vis, men me var ikkje so kjent dar, so me tok ein omveg og havna i Gjøvik. I Lillehammer var det ekstremt dårleg føre, og dårleg sikt. Det regna og var is og mykje slaps på vegen. I Gjøvik fekk me spurt oss fram på ein bensinstasjon og fant til slutt vegen til Fagernes. Der var det fint snøføre, og det var det nesten til Lærdal. Der stoppa me litt for å sova ein liten time. Då me kom nesten til Flåm kl. 2 var vegen stengt og skulle opna om tre timar. Etr fem timar fekk me beskjed om at det hadde gått eit jordras, og dei var redd for at det skulle komma fleire, so dei ville ikkje sleppa oss forbi.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/576.jpg
Brua var full i gjørma. Det var forresten ein V70 som prøvde å kjøra over ho.
Etter litt om og men fekk me og nåken andre lov å kjøra forbi, og resten av turen gjekk heilt fint.
Me har ikkje garasje heima, ikkje låve heller, so eg skjønte at det ikkje kom til å bli gjort nåke med Volvoen den vinteren, derfor fekk eg låna garasjeplass hos besteforeldra mine, der bilen vart ståande heilt til mai.
Det som var gale med bilen var:
Rusta hjulbrunnar og hjulbuar bak, Dårlege hjulboltar bak, Rust i golvet der 4som baksetepassasjerane har beina, kilometertellaren går berre av og til (selgaren garanterte at bilen ikkje er gått meir enn 155000 km, og det stolar eg på) Kassettspelaren virka ikkje, og det eine bilbeltet bak er vanskeleg dra ut. + litt til.
Det einaste som vart gjort i løpet av tida han sto dar var å skifta ut dei to boksane frå 80-talet som låg på hattehylla med eit par gamle høgtlarar som eg fant heima, som paste i dei hola som var der, og so skifta eg hjulboltane bak.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/577.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/578.jpg
Hjulboltane bak vart skifta, og eg benytta muligheten til å sjå litt nærmare på undersida av bilen.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/579.jpg
Sommardekk på, og på tide å få bilen heim mai 2010
Fortsettelse følger.
Arbeidet med golvet starta
Kort tid etter at bilen kom heim bjynte eg med golvet på han.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/586.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/587.jpg
Sto sånn eit par veker trur eg. Flikka litt på nokre små steinsprutskadar framme og prøvemonterte nåken sånne gule lykter som eg fant på bossplassen ein gong, for å sjå korleis det tok seg ut.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/588.jpg
So vart han kjørt opp på nokre limtreklossar
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/589.jpg
Bakhjula oppå
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/590.jpg
Og etterpå tok eg førarsetet og ut.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/591.jpg
Sånn såg golvet ut, det er ikkje rart at det var rusta, då eg tok ut dei isolasjonsmattene under golvteppet draup det av dei, eit halvt år etter at bilen fekk vatn på seg sist. Det hadde sikkert vore vått dar i 20-30 år, og blitt våtare for kvar gong nåken har gått inn dar med snø på skoa. So eg vil anbefala alle andre og å sjekka om det er vått på golvet i bilane dåkas.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/592.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/593.jpg
Først skrapte eg vekk sånne lause flak, og skar ut ein del av golvet på kvar sida, men so fekk eg meg ein sommarjobb i seks veker hos ein slektning som har ein gard opp i Sunnfjord, og då vart Volvoen ståande heile sommaren.
Då eg kom heim slipte eg det som var av rust rundt hola i golvet, og gjorde hola litt større der det var nødvendig:
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/594.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/595.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/596.jpg
Ei luka i kanalen som eg skrudde av for å sjå korleis det sto til på innsida, slett ikkje gale.
Tidleg på hausten var all rust i golvet vekke og blei malt, so vart det mykje regn, som ikkje er spesielt bra når ein ordnar på gamle bilar under open himmel, derfor skjedde det ikkje stort før før det bjynte å bli kaldt. Eg malte då fleire strøk på på det av golvet som eg hadde slipt på, og so fekk eg litt hjelp til å legga i dei nye platene til golvet.
Me har eit gammalt MIG-apparat ståande, men det mangla gass, so eg og pappen fant ut at me skulle prøva å få i det nye golvet utan å sveisa, nåke eg trur vart ganske vellykka. Dei nye golvplatene overlappa dei gamle ca 5-6 cm dei fleste plassar. Me bora hol og skrudde fast platene, og hadde mykje polyurethanlim imellom, for å få det heilt tett. Her kjem litt fleire bilde:
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/597.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/598.jpg
Malte mange lag med arcanol, men det tørka seint i kulden.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/599.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/600.jpg
Nytt golv høgre
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/601.jpg
Litt seinare vart det samme gjort på venstre sida. Der var det litt mindre arbeid for det gamle golvet var ikkje vekke heilt ut til kanalen.
Som sagt var det litt rust i hjulbrunnane og hjulbuane bak og, men berre eitt hol på kvar sida. Eg slipte vekk all rusten der og malte hjulbrunnane med nåke sånn raudbrun grunning både innvendig og utvendig, og tetta hola.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/602.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/603.jpg
Sånn såg det ut på venstre sida bak, ikkje so gale eigentleg. Omtrent likt på høgre sida og. I november og desember var eg ute nesten kvar kveld ein periode og jobba, her er golvet på begge sidene på plass:
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/604.jpg
Det var litt overflaterust i innerskjermane på bilen, so det slipte eg vekk med vinkelslipar, malte og smurte på litt tektyl, tidleg i desember ein gong.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/605.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/05/606.jpg
Det nye golvet frå undersida.
Eg og ein kamerat sette inn seta litt før jul, det som hindra meg no var at eg mangla grøn lakk til hjulbuane der eg hadde pust litt overflaterust og grunna, og at eg ikkje fekk tak i ein ny tektylboks før i februar. Då golvet var tektylert gjensto det berre ein ting før eg kunne jekka bilen ned frå klossane. Det er nåke som eg vil anbefala fleire å gjera, og det er å blanda olje og diesel (avgiftsfri) i ei sprøyta og spruta det inn i alle kanalar og holrom i bilen. Olja hindrar evt. rust, og dieselen får olja til å trekka meir inni. Ein enkel og grei måte å forebygga rust.
Berre sei frå viss det er måke de vil ha (fleire) bilde av eller lurer på.