På min 03 s60 var det sånn som du beskriver der, men når eg demonterte fjørbeina viste det seg at det var grov rust oppi der og på eine sida måtte eg sveisa i litt nytt stål på utsida. Her er det viktig med forebyggande arbeid. Det går an å skifta dempartårna og eg trur ikkje det er so vanskeleg heller, men det er nok mykje arbeid.
Kan godt henda det er nåke som har gått gale i produksjonen, mulig det var ein tidlegare Alfa Romeo-ansatt som fekk ansvaret for dempartårna.