Då har eg skifta til vinterhjul, vaska bilen eit par gongar og kjøpt inn sagkjedeolje til å bruka i kanalane osv. Skulle helst fått sprøyta det inn men det har eg ikkje utstyr til, so må finna på nåke lurt. Bilde kjem seinare.
I tillegg fekk eg i går fiksa dørbrytaren på førardøra, den har berre virka av og til før, men det var berre til å pussa litt, litt kontaktspray og fett, og so bøyde eg ut dei to mothakene litt sånn at han står fast i holet sitt, no er han god som ny. Snart 50 år gammal, dei nyare som kom på både 2, 7 og 900-serien er mykje dårlegare kvalitet på.