Hei,

Har dei siste dagane/vekene montert ny hovudeinheit i ein Volvo XC70 2006-modell. Har diskutert litt med ein som har tilsvarande bil og same einheiten. Ifølgje han me kopla akkurat likt. Forskjellen er at hjå han fungerer alt, det gjer det ikkje hjå meg.

Her kjem ei (kort) oppsummering av kva som er gjort og kva som manglar / er problem:
- Har plugga alle medfølgande ledningar i sine respektive kontaktar, dette er vist på "Bilete 1". Ingen av ledningskontaktane inn i einheiten er like og passar difor ikkje om kvarandre. Eg er difor trygg på at alle desse er plassert rett. I tillegg har eg har kobla til og trekt opp mikrofon og
GPS
-antenne, samt skrudd til WIFI-antenne. Desse tre sistnemnde er ikkje tilkobla på det vedlagte biletet.

Bilete 1
by torbtjugum, on Flickr

- Grøn kabelmatte frå einheiten er kobla inn på grøn kabelmatte frå bilen. Mellom desse ihopkobla kabelmattene og einheiten er det kobla innpå eit CANBUS-adapter. Slik eg forstår det er det dette adapteret som skal sørgje for at eg får brukt knappane på multifunksjonsrattet og at eg får lyd frå ryggesensorane. Ingen av desse funksjonane fungerer per no. Heller ikkje for dette adapteret fins det andre måtar å koble dette til på, grunna unik type kontakt. Har ikkje opna adapteret, men det består av ei printplate i ein plastboks. Legg ved bilete av adapteret i ("Kobling av CANBUS"). Koblinga går også fram på "Bilete 1".

Kobling av CANBUS
by torbtjugum, on Flickr

- Har kobla raud
ACC
-kabel frå grøn kabelmatte inn på blå kabel til forsterkarkontakt (rund multikontakt) ved hjelp av ein Wago 3ar. Denne koblinga er vist på "Bilete 2". Dette verkar rett då sub'en i bagasjerommet ikkje vaknar til liv før denne koblinga er gjort.

Bilete 2
by torbtjugum, on Flickr

- Har kobla til eksisterande (men ettermontert i frontruta hjå Volvo) DAB-antenne via SMB/SMA-adapter og DAB+/USB-adapter. Dette adapteret er kobla inn på USB ho-kontakt markert på "Bilete 3" som går vidare inn i einheiten. Får søkt opp DAB-kanallista, men signalet er langt dårlegare enn det var med det eksterne DAB-adapteret som var i bilen før. Dette trass i at antenna i frontruta er den same. Prøvde òg å koble antennekabelen inn på ein DAB/FM-splittar til originalmontert FM-antenne, men då fekk eg ikkje inn kanallista eingong. Konkluderer difor med at det i denne antenna ligg eit filter som filtrerer vekk DAB-frekvensane.

Bilete 3
by torbtjugum, on Flickr

- Det skal vere bakgrunnsbelysning i dei fysiske knappane på einheiten. Det er det ikkje per no. Ser på koblingsskjema (sjå vedlegget "Koblingsskjema") at det er ein ledning merka med "ILL". Reknar med at dette kan stå for "Illumination"? Lurer i so fall på korleis denne skal koblast til for å få lyset i knappane.

Koblingsskjema
by torbtjugum, on Flickr

-Ei stund etter at eg skrur av tenninga på bilen kjem det eit smell/djupt dunk i høgtalarane (i alle fall i diskantane i dørane og moglegeins også i sub'en i bagasjerommet). Dette høyres ikkje heilt bra ut, og det var heller ikkje slik med originaleinheiten. Nokon som veit kva dette kan skuldast og kva som eventuelt kan gjerast med det?

Legg som nemnt med koblingsskjemaet som er klistra på toppen av einheiten. Eg trur dette må lesast med ei klype salt, då eg har ein mistanke om at det ikkje er oppdatert frå tidlegare versjonar av einheiten. For eksempel ser ikkje alle ledningsfargane ut til å stemme overeins med dei eg har fått til montering.

Det er også ein del ledningar og kontaktar som ikkje er i bruk, sjå "Bilete 1". Dette er dei gule saman med USB ho-kontakt, lengst til venstre til høgre for kabelen til FM-antenna, grøn kontakt til ekstern subwoofer, gul, kvit og raud kontakt ved USB som brukast til DAB og grå kabelmatte med kvit, brun og blå "lause" kablar.

Håpar dette var ei sånn nokonlunde oversiktleg framstilling av problema eg har med denne monteringa. Lurer på om andre har hatt tilsvarande problem eller ser åpenbare løysingar her?