Brukere som er tagget i denne tråden

Thanks Thanks:  0
Viser resultater 1 til 10 av 10

Tråd: Motortrøbbel V70 2,4 D

  1. #1
    Registrerte brukere
    Medlem siden
    08. okt. 2020
    Innlegg
    5
    Antall takk

    Standard Motortrøbbel V70 2,4 D

    Hei! Eg er ny her, men har vore passiv tilskuar i nokre år. Har henta mykje tips og råd herifrå, men no står eg litt fast.

    Har ein 2007-mod V70 2,4 D (D5244T7) med ein eller annan feil på motoren. Skal prøve å beskrive symptoma:

    Bortfall av motorkraft ved pådrag med påfølgande "Motorservice erfordras" og gul motorlampe. Feilen har oppstått så lenge eg har hatt bilen, og kjøpte den vel forsåvidt med feilen. Dog var røret frå turbo mot intercooler sprekt, så tok vel ein (u)kalkulert risiko på at feilen låg der. Feilen kjem stort sett ved kvar tur der eg brukar pådrag, spesielt ved lavare turtal der motoren må jobbe litt. Enkelte gangar kan eg ligge i 3.gir (av og til 4.gir) i motbakkar og motoren dreg som berre juling. Om eg ved 80 km/t ligg i 5.gir og prøver meg på forholdsvis slakke stigningar dauar den berre vekk og eg må gire ned. Som regel dreg den godt om eg girar ned, og må ofte "lirke" litt med gassen for å unngå at den dauar vekk. Rart kva ein lærer seg til å leve med, og køyrestilen er nok etterkvart tilpassa bilen. Uansett hender det ein sjeldan gang at den ikkje har noko kraft i det heile tatt, og kan ha problem med sjølv å ta laust i 1.gir. Men som regel merkar eg mest feilen om eg skal dra på, og spesielt ved høgare gir ved lavare turtal. Akkurat no er feilmeldinga i displayet borte, men reknar med den nok ein gang kjem igjen om eg belastar motoren tilstrekkeleg. Eksosen er for øvrig normal, dvs ingen røyk av verken lys eller mørk farge. Tilsynelatande ingen lekkasje ved dysene.

    Har hatt den hos Volvo for feilsøking, men amatør som eg er har eg ikkje bedd om å få feilkodane. Volvo meiner det kan vere mykje som er årsak, men peikar på øydelagte spjeld - noko som er kun ein teori for dei. Armen til spjeldmotoren er bytta og systemet er justert av Volvo etter bytte. Fungerer tilsynelatande normalt, men eg veit jo ikkje korleis det ser ut under toppdekselet sjølvsagt. Har sjekka for det klassiske oljesølet ved intercooler, men meiner eg ikkje har funne noko. Kan vel hende det er lekkasje der likevel, men til no har eg ikkje sett noko som gir grunn til mistanke.

    Har bytta turbotrykksregulatoren, meiner at vakuumslangane er ok, har forsøkt å klemme av vakuumet til motorfesta, har rensa EGR (ikkje utrovekkande nedsota i forhold til andre EGR-ventilar eg har rensa på andre bilar), har bytta rør mellom turbo og intercooler, dieselfilter blir skifta hyppig (ja, luftfilter og), LMM er bytta osv.

    Nokon som har gode tips til kvar ein skal fortsette med feilsøkinga? Har ein mistanke om at feilen er elektronisk sidan den oppstår intermitterande, men det er store mulegheiter for at eg tek heilt feil. Gjer no eit forsøk på å bytte temp.sensoren på eksosen, den sensoren som sit bakerst av dei to. Om dette hjelp veit eg ikkje, men det kan bli dyrt om ein skal bytte deler på måfå i håp om å ein vakker dag treffe.

    Er takknemmeleg for alle innspel!

  2. #2
    Registrerte brukere Alfs80 sin avatar
    Medlem siden
    12. april 2011
    Sted
    osterøy
    VCCN medlemsnummer
    432
    Innlegg
    859
    Antall takk

    Standard

    Sjekk abs ringene om dem er sprukket😂
    Lusken Har Vida/Dice om du trenger hjelp
    Volvo S80 D3 2012 summum
    2019 Fendt Brilliant 700 sga

  3. #3
    Registrerte brukere
    Medlem siden
    08. okt. 2020
    Innlegg
    5
    Antall takk

    Standard

    Takk for tips! Er det spesielt venstre framme då?

  4. #4
    Registrerte brukere jiha1968 sin avatar
    Medlem siden
    04. mars 2018
    Sted
    Bjugn
    Innlegg
    2.266
    Antall takk

    Standard

    Sitat Opprinnelig postet av kellny Vis post
    Hei! Eg er ny her, men har vore passiv tilskuar i nokre år. Har henta mykje tips og råd herifrå, men no står eg litt fast.

    Har ein 2007-mod V70 2,4 D (D5244T7) med ein eller annan feil på motoren. Skal prøve å beskrive symptoma:

    Bortfall av motorkraft ved pådrag med påfølgande "Motorservice erfordras" og gul motorlampe.


    Har bytta turbotrykksregulatoren, meiner at vakuumslangane er ok, har forsøkt å klemme av vakuumet til motorfesta, har rensa EGR (ikkje utrovekkande nedsota i forhold til andre EGR-ventilar eg har rensa på andre bilar), har bytta rør mellom turbo og intercooler, dieselfilter blir skifta hyppig (ja, luftfilter og), LMM er bytta osv.
    2007 (Euro4) har nok elektrisk aktuator til VNT-reguleringen i turbo, slik at motorfester og vakuumsolenoid ikke påvirker ladetrykk.
    (gjengrodd og treg VNT-mekanisme i turbo kan til en viss grad sjekkes med å løsne aktuatorarmen og kjenne om den lar seg bevege lett, men pass på så du ikke mister klipset...)

    Som du har funnet ut så er det mye som kan gi samme symptom, og å bytte deler på måfå er som du sier en fin men dyr hobby
    Så det bør leses ut feilkoder på nytt med tilpasset diagnoseutstyr, men det kan hende at verkstedet du brukte sist har (de gamle) feilkodene liggende tilgjengelige om man ikke ønsker å betale for ny utlesing.
    Eller så er det kanskje noen private i nærheten som har mulighet til å lese ut kodene.
    (B-temas leser er ikke så ille i pris, og holder fint til denne jobben, men Volvos eget system gir flere muligheter)


    PS: tror du har havnet i feil forumavdeling, denne er for P3-chassiet, altså "Ford-bilene" men jeg tipper at du har en
    P2
    , V70N Face Lift.
    (V70 etter 2000 med vanlig vri-nøkkel til tenninga, og panserlåsehake i midten =
    P2
    -chassis)
    Sist endret av jiha1968; 11/10/20 kl 10:05

  5. #5
    Registrerte brukere
    Medlem siden
    08. okt. 2020
    Innlegg
    5
    Antall takk

    Standard

    Har då lest av feilkodar med ein generisk lesar. Har vore på langtur i helga, og symptoma er akkurat dei samme som før.

    Fekk P0404 (Exhaust Gas Resirculation Control Circuit Range/Performance) og
    P2
    004 (Intake Manf Runner Control Stuck Open bank1 a)).

    Når det gjeld EGR-ventilen har eg hatt ut denne og reingjort. Synes ikkje det såg skremmande skitten ut i utgangspunktet, men fekk gjort reint det som var der.

    Den
    P2
    004 er relatert til flapsa i inntaket? Der er det vesle staget bytta, og Volvo (Frydenbø) har i etterkant justert systemet og sletta kodar. Staget heng framleis på, og så vidt eg veit beveger dette opplegget seg fint og fritt.

    Er det nokon plass ein bør starte med grundigare sjekk basert på symptoma og desse kodane?

  6. #6
    Registrerte brukere jiha1968 sin avatar
    Medlem siden
    04. mars 2018
    Sted
    Bjugn
    Innlegg
    2.266
    Antall takk

    Standard

    Kort svar:
    sjekk/test med Vida.

    Litt lengre svar:

    P0404: EGR bør testes med Vida, godt mulig det er feil med posisjonssensor eller "EGR-motor som ikke klarer å flytte seg" , ikke er bestandig at feilkoden skiller på disse.

    P2
    004: Bør også sjekkes med
    VIDA
    , og det er mest sannsynlig virvelspjeldmotoren
    (posisjonssensor her også, om det ikke er noe som blokkerer motoren/spjeldene periodisk)

    Feilene kan også komme fra skader på ledningsnett, men det trengs egentlig mere feilsøking, helst med Vida i første omgang, som vanligvis gir mer nøyaktig info rundt feilene og muligheten til å teste og feilsøke mere.

  7. #7
    Registrerte brukere
    Medlem siden
    08. okt. 2020
    Innlegg
    5
    Antall takk

    Standard

    Igjen: Takk

    Bilen har vore hos Volvo tidlegare, men dei kunne ikkje slå fast kva feilen var. Synes å hugse at mekanikaren antyda at det kunne vere spjelda som var gåent, men han kunne ikkje seie noko konkret. Kodane vart sletta og bilen fungerte, i følge dei, som normalt når eg henta den igjen. Første pådraget etter eg henta bilen kom "motorservice erfordras" på og effekten forsvann.

    Har no sjekka litt rundt spjelda og staget. Armen som går frå spjeldmotoren til spjeldakslingen sit på. Når eg tek av armen og beveger på spjeldakslingen synes eg den kjennes veldig laus ut. For det første er der bortimot 1 cm slark i akslingen inn og ut (eller sideveis om ein vil), men synes det går litt vel lett å bevege armen. Når eg beveger den raskt fram og tilbake synes eg at eg høyrer antydning til noko som blir lukka og opna inni der (slik lyd eg forventar om spjelda faktisk følger med og opnar og lukkar seg inni der). Sjølvsagt umogleg å vite om det beveger seg på ein, fleire eller alle. Sidan feilkoden min indikerer feil på nr 1, kan det kanskje vere problem med eitt av spjelda - om ikkje fleire.

    Spørsmåla eg sit med er difor:

    1. Korleis sjekkar ein om det er mekanisk feil på desse spjelda? Er det normalt at det går veldig lett å bevege på armen på spjeldakslingen, og er det normalt at det skal vere nesten 1 cm slark inn/ut på denne akslingen?

    2. Kan ein få min type symptom om eitt (eller fleire) spjeld anten er brent fast i lukka stilling, er borte eller står konstant ope? Med andre ord: Blir bilen ubrukeleg i periodar om det er mekanisk feil på desse spjelda?

    (Ser og at eg mest truleg er i feil forumavdeling no ja)

  8. #8
    Registrerte brukere jiha1968 sin avatar
    Medlem siden
    04. mars 2018
    Sted
    Bjugn
    Innlegg
    2.266
    Antall takk

    Standard

    I motsetning til f.eks BMW, så er det heldigvis ikke så vanlig at spjeldene løsner og blir sugd inn i forbrenningskammeret på D5'en.
    Men med mye koksing i innsug så kan spjeldene gå tregt eller kile seg fast, spesielt i lukket stilling (lite turtall/belastning), tregt spjeld fører som regel til mye slitasje på kule/arm/motor.
    Og spjeldakseltetningene kan slites så mye at det begynner å lekke olje ut, som i dette skrekkeksemplet.

    Avhoppet spjeldarm eller oljesvetting er noe jeg ser på som forberedelse på å bytte spjeld.
    Det er vanskelig å fastslå tilstanden på spjeld og innsugskanaler uten å demontere dyser og ventildeksel/innsug, og når man først har kommet så langt, bytter man like godt spjeldet allikevel. (+sotrens av innsugskanaler)

    Ditt spjeld høres litt vel slakt og slitt ut, men svetter det ikke olje er det kanskje tett nok.
    Det sier allikevel ikke så mye om det kan ha en tendens til å kile seg fast ved enkelte temperaturer og lufttrykk.
    Jeg ville byttet det (og spjeldmotoren i ditt tilfelle) etter rensing av innsugskanaler, men må man betale noen for å gjøre denne jobben så triller kronene fort.

    P2
    004 "Bank 1" refererer forvirrende nok ikke til sylinder 1, men sensor nr 1, eller sensor for sylinderrekke nr 1 (du har bare én posisjonsmålende sensor i spjeldmotoren)

    Feil i spjeldsystemet som f.eks avhoppet spjeldarm, setter ofte
    MAF
    -feil + + samtidig, avhengig av posisjonen på spjeldet m.m.
    Og redusert motoreffekt/limp mode kan opptre, mens i andre tilfeller får man bare små endringer.

    Men så har du EGR-en din, den kan lage enda mere trøbbel for motoren som virvelspjeldet, så du trenger å få sjekket ut begge deler, og da som sagt med en litt mer avansert/Volvo-tilpasset programvare.


    P3 forumet her har jo biler med så godt som identisk motor før 2011, så det er neppe krise.
    Største forskjellene er vel øvre motorfeste, ruting av innsugsslanger og plassering* av
    ECM
    .

    *Pga plasseringen av
    ECM
    og kabeldragningen til denne på P3-chassiet, så sliter mange av de bilene med gnagsår i kabelstamme mellom motor og
    ECM
    , som fører til nær sagt hva som helst av merkelige og periodiske feil.
    Sist endret av jiha1968; 21/10/20 kl 00:19

  9. #9
    Registrerte brukere
    Medlem siden
    08. okt. 2020
    Innlegg
    5
    Antall takk

    Thumbs up

    Case closed!

    Følgte feilsøkingsalgorytmen i Vida. Bytta virvelspjeld. Feilen kom stadig tilbake, og til slutt prøvde eg LMM frå Bosch. Feilen borte. Mest truleg har feilen siste 2 åra skuldast LMM, men sidan den vart bytta og var ny vart den jo ikkje hovudmistenkt. Kjøpte ny frå Bosch og oppretta reklamasjon på den 2 år gamle (som mest truleg aldri hadde fungert).

  10. #10
    Registrerte brukere jiha1968 sin avatar
    Medlem siden
    04. mars 2018
    Sted
    Bjugn
    Innlegg
    2.266
    Antall takk

    Standard

    Gratulerer med friskmeldt motor

Lignende tråder

  1. V70 Awd 99 motortrøbbel
    By Wester in forum 850 / x70 -serien
    Svar: 1
    Siste post: 01/10/19, 17:43
  2. V70 2.0t motortrøbbel
    By PetterDale in forum S60 / V70N / S80 / XC70 / XC90
    Svar: 2
    Siste post: 01/05/16, 13:46
  3. Motortrøbbel
    By evolve in forum 850 / x70 -serien
    Svar: 0
    Siste post: 02/02/13, 23:16
  4. Motortrøbbel! 850 T5 R
    By Mrmordi in forum 850 / x70 -serien
    Svar: 4
    Siste post: 22/03/12, 19:36
  5. Motortrøbbel
    By Lars89 in forum 700 / 900 / x90 -serien
    Svar: 1
    Siste post: 30/07/11, 15:51

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye trÃ¥der
  • Du kan ikke svare pÃ¥ innlegg / trÃ¥der
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •