Brukere som er tagget i denne tråden

Viser resultater 1 til 21 av 21

Tråd: Rustbeskyttelse under bilen

Threaded View

Forrige innlegg Forrige innlegg   Neste innlegg Neste innlegg
  1. #1
    Øygard sin avatar
    Medlem siden
    20. april 2011
    Sted
    Holmefjord, Fusa
    VCCN medlemsnummer
    832
    Innlegg
    4.863
    Antall takk

    Standard Rustbeskyttelse under bilen

    Me fant ut at me må ha ein tråd der folk kan dela erfaringar med forskjellig understellsbehandling for bil. Det er viktigare enn nokon gong, ikkje minst etter at dei gjekk over frå å bruka tørrsalt, til saltlake på veiane. Folk som jobbar med bil ser tydeleg at saltlaken er mykje meir aggresiv mot bilane enn tørrsaltet, og det var ikkje uskyldig det heller.

    Det finst jo mange forskjellige produkt å behandla understellet på bilar med, f eks Tectyl, Dinitrol, Mercasol, som ikkje er veldig ulike kvarandre, og so er jo Fluid Film og liknande produkt blitt veldig populært, spillolje, sagkjedeolje osv er det og mange som har brukt. Svakheten til olje og sauefett er jo at dei må fornyast relativt ofte, fordi det ikkje størknar, og derfor blir vaska vekk av sølesprut osv.

    Ein veldig viktig ting viss du skal ha bilen din på unserstellsbehandling med tectyl eller liknande er å ikkje velga billigaste behandling. Då heisar dei bilen opp, spylar litt, tørkar og sprøytar på stoffet der dei kjem til. Det har kanskje litt for seg, ein får jo beskytta det som ligg mest fram i dagen, og sparer seg kanskje for eit bremserørbytte ein gong, men det er ikkje godt nok.
    Velger du ei behandling som er hakket dyrare blir plastdeksel, skvettlappar, innerskjermar osv demontert for å komma skikkeleg til. Då hjelper det, og bilen kan sjå fin ut under i mange år, heilt til lakken begynnar å bobla seg på ein kanal eller hjulbue, fordi rusten på innsida er komt gjennom. Eit karosseri har mange holrom og kanalar, og innvendig er desse ofte dårleg beskytta, gjerne berre eit tynt lag med grunning, då begynnnar nok rusten der ganske tidleg i bilen si levetid, og får kosa seg i fred der fordi det ikkje er synleg før det kjem gjennom, og då endar det ofte med at ein bil som ellers kunne hatt mange år att, blir vraka. Tectyl og dei andre har eigne stoff som dei brukar i holrom, det er mykje tynnare enn slitebelegget som blir brukt under bilane, sidan det ikkje er mykje slitasje inni kanalane. Ofte på gamle bilar kan ein sjå dette brune seige greiene f eks inni dører, panser og ellers rundtom. Er det fordi alle bilane vart beskytta med sånt før? Nei, det er fordi det er dei bilane som fekk denne beskyttelsen som har overlevd, dei andre er vekke.
    Dei som driv med tectyl seier at denne holromsvoksen kan trekka inni og stoppa påbegynt rust, men eg personleg trur ikkje det bør vera mykje rust, det er nok best til å forebygga. Er det grov rust trur eg ikkjedet trekker godt nok inn, og kan i verste fall virka mot sin hensikt.

    Kva skal eg velga?

    Mange lurer på om dei skal bruka Tectyl eller liknande eller fluid film. Det er ikkje alltid lett å veta, begge har både fordelar og ulemper.

    Når det gjeld nye bilar ville eg heilt klart velgt ein av dei tradisjonelle, ganske enkelt fordi dei er meir slitesterke. Får du bilen beskytta med det er det lenge til det må gjerast nåke gjen. Men det må gjerast når bilen er so ny som mulig. Viss det er komt rust på bilen, må denne vekk. Tectyl over rust er det verste du kan gjera. Rusten må vekk, og som regel blir det gjort med sandblåsing. Når rusten er fjerna må stålet behandlast med noko før tectylen, for tectylen er ikkje tett, det er lakken som er tett og skal beskytta stålet mot luft og fuktighet, som er ei forutsetning for at det skal kunna rusta. Tectylen si oppgåva er å beskytta lakken mot steinsprut og slitasje, det er derfor den skal vera litt seig (for å ikkje sprikka opp av slag og steinsprut) og den må oppfriskast når han blir for gammal og hard.
    Problemet er at mange sandblåser for dårleg, og deretter berre sprøytar på eit tynt lag med dårleg billig grunning før tectylen. Då ser det fint ut lenge nok til at dei ikkje får klager, men etter ei stund kjem rusten sterkt tilbake. Ser du under to 10 år gamle bilar der den eine fekk tectylbehandling som ny og den andre etter 5-6 år er forskjelen tydeleg. Den som vart behandla når han var ny har ikkje mykje rust, men det er nok på høg tid å fornya behandlinga (avhengig av kor mykje bilen er kjørt), på den andre kan ein sjå at tectylen flassar av mange plassar og rust kjem til syne under, nettopp pga for dårleg behandling etter sandblåsing, før tectyl. Skal du prøva å løysa ein bolt på dei to bilane går det nok mykje lettare på den som vart behandla då han var ny.

    Mi erfaring er at Dinitrol sin understellsmasse er meir holdbar enn Tectyl, kven som har den beste holromsbehandlinga kan ikkje eg uttala meg om, men har hørt fleire sei at det er Tectyl.

    Har du ein gammal bil som allerede har fått litt rust går det an å bruka f eks Fluid Film. Det er eit amerikansk produkt som er basert på fett frå saueull, og skal gå an å bruka direkte på rust. Grunnen er at det trekker inni rusten og legger seg utanpå og stenger ute luft og fuktighet, som som sagt er ei forutsetning for at det skal rusta. Det avgjerande er at lufta og fuktigheten blir stengt ute, og ikkje inne, dvs det må vera heilt tørt og ikkje for grov rust. Du treng ikkje fjerna rusten heilt, men skrapa vekk det som er laust sånn at fluid filmen får trekkja skikkeleg inn. Detta stoffet er gode greier å sprøyta i holrom og kanalar og.

    På bilar med gammal hard tectyl vil detta stoffet mjuka opp att tectylen.
    Fluid Film kryper veldig bra, og det kan vera ei plage når det kjem oppetter dørane og må vaskast vekk, men det er jo bra at det kjem til på plassar ein har gløymt å sprøyta.

    Fluid filmen størknar ikkje, men beheld same konsistens, omtrent som grease, og blir derfor etter kvart vaska vekkforholdsvis fort, spesielt på utsette pkassar som i hjulhus osv. Derfor må det fornyast kvart år er mi erfaring, sjølvsagt avhengig av kor mykje du kjører. I holrom og kanalar anbefaler dei som driv med det at det blir gjort ca kvart tredje år. Pass på å ikkje få det på dørpakningar og sånt, og har du arbeid som skal gjerast under bilen, vent med fluidfilm-behandlinga til det er gjort, det er ikkje nåke festleg å skru på ein bil som nettopp er behandla med det klisset.

    Håpar detta kan vera til nytte og at det er fleire som kan bidra i denne tråden her.
    Sist endret av Øygard; 04/11/22 kl 20:00
    77 Volvo 242L
    93 Volvo 940se
    79 Volvo 244 DL
    89 Volvo 245
    03 Volvo S60
    90 Toyota CarinaII
    85 Volvo 245 GL
    95 Volvo 855
    87 Toyota Hiace
    71 Massey Ferguson 135

Lignende tråder

  1. Rustbeskyttelse av nytt eksosanlegg
    By Øygard in forum Karosseri, interiør og bilpleie
    Svar: 4
    Siste post: 21/03/18, 22:58
  2. Volvo og rustbeskyttelse
    By vikry in forum Karosseri, interiør og bilpleie
    Svar: 8
    Siste post: 20/03/18, 14:41
  3. Svar: 4
    Siste post: 13/05/14, 18:12
  4. DAB i bilen
    By fevelen in forum Bilstereo og Multimedia
    Svar: 8
    Siste post: 23/05/12, 09:31

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •