Eg slit med takluka på 2006 V70Ren min. Hadde den i sving ein gang, då gjekk den så treigt at den satte fleire feilmeldingar for lav spenning. Dette var etter eg tok straumen på sikring 7 ved førardøra og forsikra meg om at kontakt satt skikkeleg i taklukemodulen.

Eg har ingen feilmeldingar, ved diagnose, så får eg lest ut alle funksjonar på brytar, men eg får ikkje aktivisert motorane. Sirena virkar, så det er ikkje den som blokkerar serielliknen mellom
UEM
og
SRM
.

Det som er litt underleg, er at eg les av at
SRM
, dvs taklukemodulen, måler at den har 18v inngåande. Eg har ikkje sjekka på XC90en, der takluka fungerer, kva den måler av spenning, skal sjekke det i kveld.

Kan det vere
SRM
som er problemet? Er det nokon måte å tvangskøyre takluka såpass eg får forsikra meg om at den er skikkeleg oppsmurt?