Får feilmelding og nødmodus på min V70 2007, 126hk diesel. Har kjørt regen frå vida, og også skifta virvelspjeld nyleg. Eg lurer på om filteret er defekt, og må byttast, eller om andre feil kan gje denne feiltilstanden? Kjem berre ved høg belastning, og forsvinn av seg sjølv etter ei stund. Bilen har nokså mykje langkjøring, og drar både hengar og campingvogn regelmessig. Har vida, men er ingen racer. Kva er normalt difftrykk på tomgang og f.eks 4000rpm? Og er der nokon som har skifta det, og veit kor mykje jobb det er snakk om?