Bytta ifra M47 til M46 i ein 92 240. Måtte da vere veldig nøye med justeringen av clutchvaieren, for lite og det skurra i revers, for mykje og det kom ein skrapelyd når clutchen var heilt inne. Siste dagane har den blitt tyngre og tyngre å få i 1.gir, og no er det nesten heilt umuleg. Revers skurrar, og det er veldig liten forskjell i lyden om clutchen er inne eller ute. Hvis eg bryt kassen i 1.gir og so rett i revers, so går det. Prøvde å stramme clutchvaieren so det er null dødgang, men det er ingen forskjell og skrapelyden når clutchen er heilt inne, kom igjen.

Bytta clutch, trykkplate og utløysarlager når eg bytta kasse. Er det svinghjulslageret som er problemet?