Eg har planar om å kjøpe ny (brukt)bil, og XC90 T8 er ein av kandidatane. Er det nokon her som har erfaring med tre bakovervendte barnestolar i ein slik? Me har ein liten på halvtanna år og får tvillingar i juli, så det vert nokre år med tre bakovervendte stolar.
Breidda reknar eg med skal gå greit, men utforminga av ryggen på framsetene gjer at beinplassen for føraren vert mindre enn det eg trudde, til dømes mindre enn i ein BMW X5. Bilen me prøvde var ein R-Design og hadde sportsseter. Er det skilnad på utforminga av ryggen på framsetene på komfortsetene i Inscription kontra sportssetene i R-Design?
Sent fra min SM-G935F via Tapatalk