Henta meg ein 1975 240 Turbo i dag for ein liten slump med penga. Bilen er ganske slitt og det er ein del som må gjerast med bilen, så det blir eit lite prosjekt. I bilen står det ein B21ET turbomotor som ikkje er godkjent i vognkort. Bilen har og ein annan front, GTX emblem bak (?), stor turteller og litt anna småknask. Trur det er ein vanlig DL originalt Har og vore omlakkert ein gong i tio med variert resultat. Lakken er begynt å flassa av fleire plassa på bilen. Bilen har fått mangel på motor og senkefjører på EU-kontroll og må på visning. Ellers må indre endeledd framme byttast. Karosseriet er ganske greit med unntak av dørene som er ganske rusta. Det står på ei kvit dør frå ein nyare 240 som egentlig ikkje passar då det var påbegynt rustsveising på den andre døra Bilen bærer preg av røff behandling så må rettast opp litt i fronten og støtfangar bak må festast. Får ta å legga til litt meir info seinare.
Planer:
Bytte motorfeste, girkassefeste og endeledd.
Få montert originale fjører
Få motor godkjent i vognkortet
EU-godkjenning
Få skilt på bilen
Fikse dørene/skaffe nye dører
Bytte interiør
...og eindel meir som eg ikkje kjem på no, får legge til litt etterkvart
Planen er ikkje å fikse den opp til å bli strøken men til å bli ein grei bil som er grei å sjå til
Som sagt så er støtfangeren framme litt skakk, skal demontere fronten og bygge den opp på nytt
Den kvite døra er til nyare 240 og passar visstnok ikkje på eldre 240. Kjem i kontakt med bakdøra.
Låg masse sement i bagasjerommet når eg henta den, var til ballast på vinterstid
B21ET maskinen. Er litt å ta tak i her, blandt anna jordingskabelen.
Litt forskjellig instrumentering. Stor turteller i instrumentet
Så var det å begynne å gjere noko. Gjekk først i gong med å fjerne all sementen i bagasjerommet, blei bra tilslutt
Tok også ein kjapp støvsuging inni bilen
Spesiell girkule
Motorrommet etter litt rask shining
Neste blir vell å sende inn ein søknad om motorbytte, bytte felger, motorfeste, girkassefeste og ta ut teppe inni bilen for å tørke det. Er ganske vått
Håper folk vil følge med