Synderen ute, den lille loopen, som kjem ut bak toppen, for å gå fram på enden av toppen, sprakk. Ein stor jobb for det som eigentleg kunne ha vore ein liten servicedel:




Alt av delar til veivhusventilasjonen vart bestilt, samt ei hastebestilling på pakning til innsuget etterpå. Det som trengte tilsyn, var slangen som går frå oljefelle til topp, denne gjekk i tre bitar når eg tok i den:




Den nye har ein litt annaleis design, utan det trekkspelpartiet. Forøvrig den einaste perma-quick slangeklemma eg brukte, endte med vanleg slangeklemme, det er for vanskeleg å nå tak i å presse på desse :


Eit motorrom som treng seg ein del vask og rens, men Ren, som manglar plata under motoren, blir nok meir skitten enn dei andre:


Nytt luftfilter på plass, det eksisterande frå Professional parts, også kjent som søppel, vart gladeleg bytta ut for orginalvare:


Endeleg kvitt LED-pærene i interiøret, brukte desse i mellomtida, men fekk på plass orginalpærer:


Og til slutt ei behandling med ozon-maskin, for å bli kvitt røyklukta som har vore i bilen:


Og ein vellykka testtur


No blir det fokusert på dette problemet:
http://forum.vccn.no/showthread.php?...hlight=takluke

Så skal bakfanger av, for å sjå om det er ledningsnettet som tullar til ryggesensorane.