3Jd3oa3H35K65Hc5J1d2ida9dd5abfd9f1974.jpg

3I13M23Lf5La5H95Mfd2i31367cb43dd01a2e.jpg

3Ge3Ic3F75Ec5Fd5Hed2id1a6f0ae71891f80.jpg

3Kc3Fb3Le5L75N85J9d2i72a4719a84ef1c5b.jpg

Lagar ein liten tråd på denne, usikkert kor lenge eg kjem til å ha den, har i utgangspunktet tenkt at den skal vere for vidaresal. Dette er også ein test på om det går å handle bilar på denne måten, utan risiko for å verte svindla. Om den skal seljast, så hadde det vore hyggeleg om den hadde stansa i klubben. Det har trass alt ikkje kome så mange 245 tic via import

Har berre nokre få bileter av den no, fleire har eg forhåpentlegvis i løpet av dagen. Har brukt ei kontakt i California til å hente bilen, og han melder at bilen var såpass bra at han kjøpte den før eg hadde gitt tilbakemelding på om eg ville ha den, for då ville han han den sjølv.

Dette er altså ein 245 Turbo, som har sannsynlegvis fått ettermontert intercooler-satsen, sidan den ikkje kom på anna enn flathood-bilane i 83. Manuellgira, opprinneleg frå Oregon, men vart solgt til California i 2002.

Fargekode: Blå metallic 193, med flassande klarlakk, som visst var eit problem på denne lakken i 83. Får sjå kva som skal gjerast med dette når den kjem til landet.
Kmstand: 185k miles
Girkasse: M46
Interiør: blå stripevelur, men mistenker at den har hatt svart skinn
Elles har jo denne det meste av utstyr, slik som turboen hadde i USA, slik som alt elektrisk, AC osv. Det er ikkje cruise control på den, ikkje noko stort sakn på ein manuellgira bil.

IPD-krengningshemmarar og IPD senkesett