Var og henta meg ein 92 240 classic igjen

Godt utstyrt 240 med patina, men unik historikk, ein eigars bil, fullt servicehefte og bilen har hatt ei fornem adresse på Oslo Vest. Fullt servicehefte, siste service var ved 180 000, i dag er den gått rundt 181 000:

IMAG0055.jpg

IMAG0056.jpg


Classic-pakke, dvs
ABS
, trelist på dashboardet, B230FX, elektriske speil med varme, gråsvart velurinteriør, elektrisk vindauger framme, classic-dekor, svarte lister, classic-felg, sentrallås, nakkestøtter bak.

I si tid, kosta classic-pakken NOK 30 000 meir enn GL, dvs nypris på Classic var NOK 230 000, pluss utstyr.

I tillegg har denne:
* Automat, fungerar veldig bra, fin olje på kassa
* Air Condition, som har vorte konvertert til R134A, og fungerar veldig bra
* Cruise control, som også fungerar
* Diffbrems, som også virkar til å fungere
* Airbag, den veit eg ikkje om den fungerar, men ingen alarm.
* Snow caps
* Midtarmlene, demontert, ventar på at gamleeigaren skal finne ein brakett.
* Har sannsynlegvis vore det største anlegget i den, sidan det er høgtalarar i alle dørene. Står eit juletre av ein Blaupunkt spelar i den, som er ganske nyleg installert.
* Myntboks
* Digital utetemperaturmålar, den er litt smådepressiv

Sikkert noko som eg har gløymt her, det meste som var å få på denne, vart bestilt. Det som er savna, er stor turtellar og elektriske bakvindauger. Stor turtellar, lita klokke og digital utetemp, plukkar eg av den andre classicen, den får klare seg med det som ikkje passar heilt på den.

Skade på begge framskjermar etter påkjørsel, der støtfangarhjørna har trykt inn skjermane, V20T er snart i sving med på prøve å redde dei, samt sveise eit rusthol i venstre hjulbue bake. Bilen er 601 raud, men det ser ikkje slik ut i dag, lakken er alvorleg oksidert, og treng sårt pleie, er småflekka litt med lakkstift, og det er ikkje pent.


Planen er at denne skal få lov til å vere skyssen til og frå jobb, 8-9 mil kvar dag, så får eg prøve meg på å gå frå 300 hk til 136 hk.

Ein av dei første planane med denne, er å enten bytte kam til VX3 eller A-kam, eller få tak i justérbart kamdrev til firkantkugg, er det nokon som har det? VX-kam, 531-topp funkar bra på manuell bil, men på automat blir det litt ørkeslaust i botn, derfor vil nok ein VX3 fungere betre, evt VX-kammen justért fram 3-4 grader.