Oppdaga plutseleg at eg hadde ein klirrelyd i bilen. Liknar veldig på lyden av flasker som klirrar imot kvarandre, men da eg ikkje drikk trur eg at det er noko anna Meinar at eg høyrer den mest i fart rundt 70-80, men meinar at eg har høyrt den heilt ned i 30 og. Klarar ikkje heilt å bestemme meg om det er framme eller bak, men trur det er ifra høgre sida. Nokon som har ein ide om kva det kan vere?