Øygard sin samletråd for alle bilane
Det har blitt mange bilar etter kvart, kanskje for mange, so velger å samla alle i ein tråd for å gjera det litt meir oversiktleg for meg sjølv. Dei gamle trådane blir ståande for å kunna gå tilbake og sjå, men det blir her historien fortsetter.
Her kjem ein oversikt over bilane eg har per dags dato. Tillater meg å nevna bilar av andre merke enn Volvo og, men ikkje gje dei for mykje oppmerksomhet her.
Først ein oversikt over tidlegare bilar:
96-modell V40, full i rust og utslitt motor, endte sine dagar på hoggeriet etter kort tid.
https://i.imgur.com/s68Qgnd.jpg
95 Volvo 850 kjøpt for 5000,- februar 2015, brukte den eit års tid. Fantastisk kjekk og komfortabel bil, nesten rustfri, men dessverre alt for dårleg vedlikehald og mykje som var gale. Avskilta desember 2015 før eg for i militeret og etter kvart selgt som delebil.
https://i.imgur.com/iw9HirY.jpg
1970 Volvo 145. Kjøpt for å ha i som bruksbil det året eg var i militeret, februar 2016. Var bruksbil ei tid etter eg kom heim og, reiste vidare til neste eigar i april/mai 2017.
https://i.imgur.com/bkD1pjW.jpg
https://i.imgur.com/YsOB5BW.jpg
1992 Toyota Corolla 1,3 som tilbakela 30000 km i mitt eige mellom mai 2013 og mai 2014. Brukt som pendlebil fordi det var for dyrt å pendla 12 mil om dagen med 940 med lærlinglønn.
https://i.imgur.com/h2Nk5Xe.jpg
1999 V70 kjøpt som reparasjonsobjekt våren 2017, reparerte og hadde den nokre få mnd. Lever i beste velgåande hos sin nye eigar.
https://i.imgur.com/iBC81tZ.jpg
1986 Nissan Bluebird kjøpt for å ha på andre sida av fjorden for å spara pengar på å sleppa å ta bil med på ferja. Var for fin og sjeldan til å stå på ein kai og blei bytta ut i ein Corolla.
https://i.imgur.com/TsiFP1S.jpg
Hadde også ein 2000 Toyota Yaris og ein Subaru Legacy ei kort stund.
Noverande bilar pr 20/5-21
77 242
Første bilen min, original bil med lav km, treng ny lakk. Var bruksbil ei stund, men har stått lenge no, men skal settast i stand.
https://i.imgur.com/wM38bVx.jpg
https://i.imgur.com/lfAa1GY.jpg
https://i.imgur.com/zLCF798.jpg
79 244
Kjøpt som delebil til 242en, mykje rust og mykje ant som er gale. Tida vil visa kva som skjer med den.
https://i.imgur.com/O2RroGl.jpg
93 940
Kjøpt våren 2013, skulle fiksast og selgast, men fekk bruk for den, og planane om salg er for lengst lagt på hylla. Har vore bruksbil mange år og over 100000 km, har dei siste åra unngått å bruka den i salt om vinteren og latt ein gammal japse ta seg av det.
https://i.imgur.com/uGcPWSC.jpg
https://i.imgur.com/8Q3SNff.jpg
https://i.imgur.com/kMbXSxT.jpg
https://i.imgur.com/ozjbQNE.jpg
1990 Toyota Carina 2 kjøpt for vrakpant jula 2017 og brukt som vinterbil for å spara 940en. Veldig god bil som eg til no har kjørt 70000 km med.
https://i.imgur.com/LjmJAuW.jpg
https://i.imgur.com/pDJg1JI.jpg
1990 Toyota Corolla kjøpt hausten 2020 med mangellapp, som erstatning for Bluebirden. Får nye hjulbua bak i desse dagar og kjem snart for salg.
https://i.imgur.com/F0dgU53.jpg
1991 Toyota Carina 2 samme type bil som den blå, impulskjøp våren 2020, er no sett i brukbar stand og fått skilt, kjem truleg for salg i løpet av sommaren.
https://i.imgur.com/DNptJcz.jpg
1989 Volvo 240 Nok eit impulskjøp, sto i fare for å bli delebil, var sjølvsagt for god til det og måtte reddast. Treng ikkje stå so langt ifrå før den ser veldig bra ut, men er ein heil del som må gjerast. Ber preg av eit hardt liv som ungdomsbil.
https://i.imgur.com/QohVO8t.jpg
2003 Volvo S60 2,4 d. Nylig kjøpt, skal overta den blå Carinaen si stilling, kjøpt for å forbedra sikkerheten og drivstofføkonomien sidan eg har long vei til jobb og ikkje den tryggaste veien. Tida vil visa om det var lurt. Skal til EU-kontroll i nermaste framtid.
https://i.imgur.com/iB0pNvc.jpg
https://i.imgur.com/GYb8uYZ.jpg
https://i.imgur.com/09Wt9ok.jpg
https://i.imgur.com/HTyaaC9.jpg
240en som står attmed S60en er forledra mine sin, den og V70en deiras kjem til å bli med i denne tråden når det er eg som skrur på dei. V70en er ein svart 2000-modell 2,5 TDI manuell.
https://i.imgur.com/T2D7Ko0.jpg
Skal prøva å vera flinkare til å oppdatera framover enn eg har vore dei siste åra. Viktig å halda liv i forumet :)