Ut med getragen: http://forum.vccn.no/img-dump/2017/10/164.jpg
Printable View
Ut med getragen: http://forum.vccn.no/img-dump/2017/10/164.jpg
Og inn med?:)
Den skal få kome inn att med nytt spakstell, basert på M45, @V20T har fått sveisa litt:
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/10/208.jpg
Det er håp for denne bilen også, har engasjert ny mekanikar:
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/11/59.jpg
Girkassa kom seg endeleg ut, etter at det gamle spakstellet frå Opelen knakk for snart eit år sidan, no trengte eg å få denne på vegen, sidan det kan vere greit å få flytta den, huset skal seljast.
I mellomtida vart denne kjøpt som krisebil, den har no gjort 7000 km på to mnd, på tide å la den gå vidare:
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/11/60.jpg
Bytta olja på kassa til GL-4 olje som den eigentleg skal ha. då GL-5 olja er hard på synkroniseringsringane. Det viste dessverre godt når eg skylte kassa med diesel, eit "vakkert" gullskimmer i olje og dieselen. Kassa vart nært perfekt å gire med nye foringar og ny o-ring på M47-spakstellet, men det er fortsatt slakk i kula inn mot kassa, her har nok Opel brukt for hard lagering i pinnen og mjuk i staget. Så får forlenge overføringsstaget og snu det nokre grader og maskinere nytt hol ein vakker dag, men no får ein brukt den litt i det minste :)
Plukka ut thelostartof-chippen, sidan sist kontroll sa at COen var for høg og bytta lambdasonde, lukta litt mindre gammal 240, men ikkje heilt reint enno.
Fekk retta det plukket som var på sist EU-kontroll og tok den med i god tru på EU-kontroll. der kom eg tilbake med for høg CO på tomgang og forhøga tomgang: 0,89% :( Så då får ein gå i gang å fikse litt småplukk, det er ikkje så mykje som skal til.
Deretter tenkte eg å få rydda opp i oljekjølaropplegget, der kom filterhalderen i konflikt med batteriet, og alt vart ei plage. Hadde eit håp om å kunne den orginale 940 varmeveksleren, men det er ikkje håp når du har Ferrita si downpipe, så det blir ordinær Mocal filterflytter og slangar ut frå den:
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/11/61.jpg
Filter blir praktisk plassert i skjermen framme, festa i skjermstøtta:
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/11/62.jpg
Eg får prøve med ein filterflytter med utgangar rett ned seinare, og sjå om eg klarar å nytte 940-kjølaren likevel.
Og endeleg etter maaange år, så tenkte eg det var greitt å få på plass oljetemperaturmålar, forundrar meg at ikkje fleire nyttar porten på oljegalleriet. VDO-sensor, med ein haug med overgangar:
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/11/63.jpg
Klokka vart ofra for å få inn oljetemperaturmålaren:
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/11/64.jpg
Så no står det igjen å få på reimane igjen, har fjerna alu-reimhjulet på veiva, og går tilbake til vanleg svingingsdempar og standard reimhjul på vasspumpa, så får vi sjå kva gassmålaren seier i morgon.
Bildene dine funkar ikkje:(
Hvilken sensor er det det du brukte til oljetemp? Hvilke gjenger er det snakk om?
Sent from my iPhone using Tapatalk
Eg fann ut at eg brukte feil, den eg fekk oversendt var ein 120 graders sensor, eg skulle ha hatt 150 grader, det vil seie at eg må gange med 0,8 på målt verdi, så den får eg bytte igjen.
Den du skal ha er denne:
https://www.vdo-gauges.com/sensors/u...-adapters.html
Trur dette er den som Pedersen har her:
http://www.pedersenracing.no/butikk/...emperatur-m10/
Det står vel og merke ikkje at det er med overgangar, det er vel rørgjengar på det uttaket.
Takk for tipset! Må sjekke hvilken gradering oljetempmåleren min har når jeg kommer hjem.
Sent from my iPhone using Tapatalk
Breibandslambda montert, har hatt den liggande i 6-7 år trur eg, så det var på tide. Slit med å få bilen gjennom PKK, har for høg CO på forhøga tomgang. Men no har eg i det minste fått bekrefta at lambdasonda oppfører seg som den skal.
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/11/110.jpg
Skjult installasjon, sonde er montert inn i eksosen ved girkasse, fører ledningsnett ved girstanga, under teppet, for å plassere styringa i midtkonsollet. Drar frå den ledningnett til instrument og indikator-led i knapperada. Analog utgang dratt fram til orginal plassering av kontakt til lambdasonde, for enkelt å kunne veksle mellom orginal sonde og emulert smalbandsonde.
Problemet slik eg ser det, er at den pendlar mellom 14 og 15 i AFR på tomgang og ved forhøga tomgang, dette gjer at utsleppa kryp over tillatt grense, 0,38% på forhøga tomgang, der er kravet 0,3% :( Har ikkje klart å få den ned med rødsprit på tanken heller, evt så har eg fått den ned, men ikkje nok.
Finn ingen vakuum/trykklekkasje med startgass, men likevel så har eg ein mistanke mot innsugspakninga.
Evt så er det VX-kam og 531-topp som er problemet her, har ein A-kam som kan monterast inn.
Standard chip frå FK-motoren er på plass i både tenning og bensinhjerne, og trykket er orginale på FK.
Orginal svingingsdempar er på plass igjen, det endra litt på ganga, men ikkje det underliggande problemet.
Alle tenningsdelar er nye, Volvo orginale pluggar, nye Bougicord pluggledningar, nytt Bosch fordelerlok, ny Bosch rotor. Coil er bytta, to MAF/LMM (Bosch) er prøvd. Ny olje på motoren og nytt filter.
Hva slags merke er den bredbåndslambdaen din? Likte at måleren er anaolg.
Har du ikke katalysator da?
Prøv å få skrevet ut CO-lappen akkurat når de starter apparatet :)
Då smaug den seg gjennom kontrollen, ein sprekt intercooler seinare og med NGK-pluggar, i staden for Volvopluggar. Ny kontroll i august ;)
Tenker den skal få A-kam i staden for VX-kammen som står der til neste kontroll.
Jeg kjører med NGK plugger og VX kam.... hadde ikke noe problem med co'n på min. Jeg har ikke kat på bilen.
Veit du kva verdiar du endte opp på? Har du 531-topp også? Har litt uroleg tomgang, det er nok derfor den varierar litt også.
Men eg føler eg jagar eit problem som eg ikkje har funne enno. Ny kontroll i august...
Den har gått gjennom slik tidlegare, så er noko som har endra seg.
Denne står igrunnen berre og forfell, ein vakker dag kjem den på vegen att:
http://forum.vccn.no/img-dump/2021/04/57.jpg