Opprinnelig postet av
andreash
Då har eg trykka litt i Vida. Det verkar som om filteret er ok, diff trykk er under 10 på tomgang, og sotmengde har vida berekna til 6gram. Men etter ein rask prøvetur kom feilmelding og nødmodus, sotfilter tett. Er vel fornuftig å sjekka trykk målaren og slangane/ kablane til den. I følge volvo her i Bergen var den sensoren ein del som vart bytta litt av, men spesielt på andre motorutgaver. Defekt filter var svært sjeldan. Eg lurer ellers på om andre feil vil kunna gje dei symptoma som eg opplever? Tenker mest på turbo, ic, oljeforbruk etc. Motoren brukar litt olje, men synes ikkje det er ille. Ein liter på 5000km kanskje.