Opprinnelig postet av
Øygard
Jess, då har 940en vore på EU-kontroll og fått seg ein fin liten mangellapp. 3 2arfeil og ein 1arfeil. Einarfeilen var ryggelysa som ikkje virka, toarfeilo va: Oljelekkasje frå motoren, det visste eg om, men håpte han skulle gå gjennom, for det er ingen stor lekkasje, men neida...:p Trudde først at det var bak på veiva det lak, men det er vått føgare oppe og, på venstre sida, der med startmotoren og sånt, so eg må ta ein motorvask og sjå hen det kjem olje då. Den andre toarfeilen var bremsane framme. Eg hadde jo av den på venstre sida og fiksa litt fordi han drog litt til venstre, so tenkte eg at det var sikkert greit, for då drog han ikkje til sides, men det hang visst på høgre sida og, og litt på venstre, so då må eg vel overhale kaliprane framme.
Den siste feilen hadde eg ikkje rekna med, men det var faktisk rust i innerskjermane. Det ser helt fint ut frå utsida, men nedi motorrommet er det litt rust på begge sidane, og det var tydlegvis litt for mykje til at det kunne godkjennast. So der må eg sveisa litt, so eg får dra fram det gamle MIG-apparatet til pappa og sjå om det går an å bruka.