V40en til Øygard. Heiv han i bosset
I dag var eg og henta ein Volvo V40 hos onkelen og tanta mi. Det er ein velbrukt 96-modell med 336000 km bak seg, som er EU-godkjent til 2014 ein gong. Han er ikkje nåke fin og har sine feil og manglar, men eg kjøpte han for å ha ein bil å bruka no,for 242en treng diverse reparasjonar som det er vanskeleg å få gjort når eg heile tida må bruka han.
Bilde kjem i morgon, då skal eg vaska og støvsuga han tenkte eg, har eit bilde frå i dag, og det er detta:
http://i1226.photobucket.com/albums/...psa4bb7c49.jpg
Grunnen til at eg kjører med grøftelys er at lysbrytaren ikkje virkar skikkeleg, sånn at eg må sitta og halda på blinkelyshendelen for at longelysa skal lysa, og då må eg bruka tåkelys i staden for nærlys, ellers blir det for varmt i hovedlysa:p So viss dåke har eit sånt brytarpanel er eg intressert, for det kostar 1900,- hos Volvo, og det er ikkje aktuelt:p
Han brukar visst ein del motorolje, so det har jo blitt fylt på av og til, men kva tid det vart skifta sist er ikkje godt å sei, so det står og på programmet. Han er ikkje nåke fin i lakken, men rust er det lite av bortsett frå kanalane som har eit par hol som er tetta med isboksar og sikaflex:p Og so må eg skifta termostaten, for han blir ikkje skikkeleg varm.
Ellers vil eg bruka minst mulig tid og pengar på denne bilen, men kjenner eg meg sjølv rett, blir eg sikkert alt for glad i han til slutt:p