Tec7 skal vel holde 27kg per kvadratcentimeter når den har herdet. Holder den.
Printable View
Tec7 skal vel holde 27kg per kvadratcentimeter når den har herdet. Holder den.
Ja då held det vel :)
Har fått ein ulyd under bilen bak, nåke som slår når eg kjører på hompar eller dreg på med lavt turtal. Fant ingen ting gale når eg hadde bilen opp på løftebokk på jobb på tirsdag.
Er det klunkelyder du hører? Eller drev-lyder?
dunkelydar
Kan det være så enkelt som løst reservehjul/jekk, evnt noe annet?
Det er jo verdt å sjekka, men trur ikkje det.
Reservehjulet er festa ja.
Prøv å legg merke til om det er foran eller bak over fartsdumper. Evt. bruk mye kraft og hump på hver side av bilen foran og hopp på hengerfeste bak. Om det ikke kommer dunkelyder da så er det sannsynligvis kyllingbeina foran om lydene kommer derfra.
Det er bak, trur det kjem frå høgre sida men er ikkje sikker. Det skal meir til enn litt hopping for å få fram lyden.
Har lurt litt på det men dei er ikkje so veldig gamle, men viss dei er frå biltema kan det jo vera dei likavel :D
Tenker mer på innfestningene.
Åja, det kan godt henda, får sjå litt på det på tirsdag når det er skrukveld på jobb. Trur det er fleire foringar baki dar som bjynnar å bli modne for utskifting, og so blir det jo EU-kontroll ut på seinhausten og.
Har hatt bilen oppe på bukken to gongar sidan sist, første gongen fant eg ikkje ut nåke om lydane men fekk no skifta olje og filter.
På tirsdag denne veka sjekka eg litt nøyare. Eg starta bilen og sette han i andre gir når han hang oppi lufta sånn at bakhjula hjekk rundt og so drog eg handbremsa litt på so han skulle få litt motstand og då fekk eg fram lyden. Ein rask donkelyd frå ein plass med hjulet på høgre sida men eg skjønte ikkje heilt kva det var. Eg såg og at heile bakakselen vrei seg ganske mykje so foringane til momentstaga er nok ikkje so gode.
Når eg slo på innsida av dekket kom det og ein kraftig donkelyd, høyrdest ut som eit hammarslag, og det viste seg at det er slakk, sikkert i hjullageret. Eg kan flytta hjulet ca 0,5 mm ut og inn, og det skal vel ikkje vera sånn. Eg veit ikkje heilt koffor men etter detta forsvant lyden. Eg mistenker at det kan ha vore bremseskjoldet og kaliperen som slo borti kvarandre og lagde lyden for eg bøyde litt på bremseskjoldet og etter detta har lyden vore vekke.
Ellers har eg ikkje gjort so mykje meir enn å montera vingo. Eg lakka ho med sprayboks so resultatet vart no so som so og det hjelpte heller ikkje at eg gjekk tom for lakk før eg var ferdig og at butikken og var tom for den fargen, so ho er ganske matt no men det blir ordna seinare.
For å kobla til bremselyset måtte eg ut med hattehylla og for å få den ut måtte baksetet ut og under der fant eg mykje fint. Pengar og masse matrestar, so det må ut igjen for å få reingjort skikkeleg under der. Eg skrudde vekk bremselyset i bakruta og skøyta på ledningane til og drog dei bort til baklukehengslane og i lag med dei andre ledningane inn i luka og skøyta dei på ledningane som kom ut av vinga og var kutta. Det einaste som gjenstår no er å tetta holet i hattehylla, dar som bremselyset var før, det var visst mulig å få kjøpt eit deksel til det holet men det er heilt sikkert utgått so eg må finna på nåke ant. Eg såg det låg klart ledningar til høgtalarar i hattehylla og, so det spørs det om ikkje det og blir montert etter kvart. Litt god lyd er jo berre bra.
Og det blei lys
http://forum.vccn.no/img-dump/2014/08/2681.jpg
Eg syns no det vart fint med vinga, og det blir betre når ho blir litt blankare.
http://forum.vccn.no/img-dump/2014/08/2682.jpg
Det gjør seg med ei vinge på bakluka :) Det bryter opp litt og lager egentlig en mye finere form på bilens ende.
Ja det gjorde seg det:)
Lurte på å farga taktrekket svart men veit ikkje korleis ek skal gjera det og om det vil bli fint, er det nåken som har erfaring med det?
Trur det hadde passa bra for nesten alt det andre i bilen har mørk farge, og det blir litt meir "heimakosleg" i bilen med svart taktrekk.
Det er snart på tide å bjynna å tenka på vinterdekk sånn at eg har dei klare når eg plutseleg treng dei, so då er spørsmålet kva felgar eg skal ha dei på, eg har stålfelgar, som blir lakka sølv eller kvite viss eg ska bruka dei, og so har eg desse:
http://forum.vccn.no/img-dump/2013/09/1234.jpg
Dei er ganske stygge i lakken dei og.
Då har eg fått litt sterkare demparar til bakluka i posten og so pluggar og ledningar og nokre dørbrytarar for det er ikkje alle som alltid virkar.
Sånne gammaldagse skilt utan det stygge blå styret på sida er bestilt og dukkar sikkert opp snart.
Det har vore sånn lenge at av og til når motoren er varm og går på tomgong aukar turtalet til ca 1500 og so må eg stoppa bilen og starta igjen for å få han til å gå normalt igjen. Viss eg ikkje gjer det brukar han ein del meir bensin enn normalt. Sånn har det vore lenge utan at det har vore nåke stort problem, men no lever han heilt sitt eige liv på tomgong, først går han normalt og so aukar han til 1500, etter ei stond går han kanskje ned til 1000 og so opp igjen til 1500 osv, er det nåken som veit kva det kan vera? Det har vore ein feilkode på lmm lenge,kan det vera den som gjer det?
Du har ikke lov til å benytte gamle skilt på denne (de som gikk fra 83-2002). Hvis du skulle miste skiltene for et eller annet, så kan du bli tatt for dokfalsk.
Viss nåken stjele skilto meina du?
Hadde forresten bilen på EU-kontroll i dag, det vart overraskande lite feil:) Skikkeleg oppdatering kjem seinare
Hvordan er realitetene i dette? Står det registrert i systemet at bilen har byttet til nyere type skilt, og er det noe som man bryr seg om? Denne kan jo dertil se ut til å ha to forskjellige typer skilt nå etter bildene å dømme...?
Ellers går det an å spare de "nygamle" skiltene til bilen er veteran. :p
Nei, det er sånne nye stygge skilt både framme og bak no, før eg avskilta han var det sånne med "firkanta" bokstavar og tal, det og var jo feil, men ikkje lika stygt.
Eg monterte ekstralys på tirsdag. Dei originale lyktene er gode dei, men tusenmetringane lyser litt meir til sidene, og det er jo litt greit på svingete vei, og ikkje minst for å sjå hjort, som det er ekstremt mykje av her. Lyktene er dei som eg hadde på 242en før, eg kjøpte nokre Hella-lykter til å ha på den, når eg kom heim viste det seg at dei er heilt like på dessa, som er kjøpt på Jula :) Eg er veldig fornøgd med dei :)
Sånn ser det ut
http://forum.vccn.no/img-dump/2014/10/94.jpg
Eg ville ikkje bora i støtfangaren sånn at det blir stygt når lyktene skal av, so eg tok av grillen og bora hol der og skrudde fast nokre jern som lyktene er festa i. Syns ikkje det såg so gale ut, det har mykje å sei for utsjånaden korleis dei blir plassert. Skulle gjerne hatt dei litt lavare ned men då kom dei for longt fram so det gjekk ikkje.
http://forum.vccn.no/img-dump/2014/10/95.jpg
Som sagt fekk eg tatt ein EU-kontroll i dag, det endte med 3 toarfeil: Bremseslange h.f, indre stab. foringar framme og venstre berekula, so det er eg godt fornøgd med. Handbremsa var akkoratt innanfor, og frontruta var litt skitten sånn at han ikkje såg kor sleten ho er :) Han var litt usikker på hjullagera bak, so dei må sikkert skiftast før neste kontroll. Kva stab-foringar ville dåke kjøpt?
Men om det fortsatt ikke er tillatt å sette tidstypiske skilter på den, har du vel anledning til å sette på hvite lapper til å dekke over de blå feltene...?