Opprinnelig postet av
Øygard
På 850 rustar framskjermane ja, spesielt der med skvettlappane, og baklukene som du seier ja, spesielt på stasjonsvognene. Og so kan hjulbuane bak begynna å rusta heilt nederst, fram mot døra og kanalen. Min hadde litt der på begge sidene, og hol i den eine framskjermen, men var heilt rustfri under, etter over 20 år på Vestlandet og lite vedlikehald (bortsett frå ei Dinitrol-behandling for lenge sio). Lurer på korleis ein japse med eit lika longt og hardt liv bak seg hadde sett ut.