Ja, tenkte på dette, men eg mistenkte også at eg måtte ha eit nytt stempel, så då vart det straks litt meir arbeid.
Printable View
Burde ikkje vere eit behov nei, stempla bør vandre jamnt på begge side og verte likt utligna av det hydrauliske trykket i bremsesystemet. Får prøve og sjå korleis det blir, tar dei ujamnt, så er det sannsynlegvis luft som er det første problemet. Men med tanke på at dette eine stempelet, ikkje har ville vore med på leiken på ei stund, så har nok slitasjen på skivene vorte litt skeiv, får sjekke det også.
Under literen på mila på siste tank :) 0,9977 l/mil :rolleyes:
Men det er ikkje så ille, mykje av dette er køkøyring, har stått ein del på tomgang og noko bruk av AC, men bilen går forsovidt mykje varmt.
Har bytta eit grovskite luftfilter og kalipper, så skal sjå kva som skjer når det blir nye tenningsdelar også.
Tidsriktige og orginale takbøylar som følgte med bilen. I dag skal det hentast juletre:
Vedlegg 2232
Bilde med tre også?? ;)
får ta av pynten å legge det på taket igjen ;)
Auriga felgene hen da? :)
Dei kjem på når eg forstår eg treng piggdekk :)
Eimen av brent olje la seg i garasjeanlegget, og eg tok til å mistenke at dette kunne eg ha noko med å gjere:
Vedlegg 2637
Reknar med at det er halvmånen i toppen som har gitt seg etter 21 års teneste. Olja har hatt seg ein fest på eksosanlegget, har sikkert vore kjekt å vore bak meg i dag ;)
Vedlegg 2638
Tydelegvis ikkje den einaste havaristen, er det eit hint om at det er 20. mars i dag?
Vedlegg 2639
hehe, uansett flott bil ;)
Men korfor skulle den gi seg? Det mest nærliggande å tru, er at veivhusventilasjonen er dårleg, og/eller høgt trykk i veivhuset. Huskar ikkje om eg kompresjonstesta denne motoren, men skadar nok ikkje å sjekke det.
Er ikke halvmåne på de "nye" toppene (de til 230/200 blokk) men et blendelokk/blendeplugg. Er naturlig å tenke på veivhusventilasjonen ja, da disse pluggene ikke er å anse som slitedeler.
Ja, stemmer nok det er heil runding ja, med tanke på at det skal vere ein fordelar der.
Får sjå om eg får den heim i dag, og rive ned oljefelle og sett korleis det står til der.
Blendelokket som har sprekt vil jeg tru :) Bakelitt som er gammal og sprø :) Dra 3 lag med gaffa-tape bak der ;)
Svært sjeldan med 240 som har Airbag OG ABS..
Flott bil :)
Skjedde noko det samme med ein B230 motor eg hadde, då var veivhusventilasjonen potte tett. Måtte kjøpe nytt rør for massen som var inni røret var steinhard... :p
Snakka forresten med han med BMWen der, han hadde både ein 760 og ein 960 som han også veksla på å køyre, så me hadde oss ein god volvoprat medan eg venta på ein kompis skulle kome med olje :)
Og sekssylindret BMW også... :p
Det høres nesten utruleg ut, men denne har også fått litt omsorg no:
Svarte og heile dørlommer, kjøpt av volvo:
Vedlegg 2749
Vi passerte eit lite jubileum:
Vedlegg 2750
Sluttar aldri heilt å forundre meg denne bilen som har kun vore følgt opp på Bilia Økern, korleis klarar ein å gjere dette med spennrulla til kamreima?
Vedlegg 2751
Fabrikksny A-kam på plass:
Vedlegg 2752
I og med at eg ikkje hadde shims og ikkje fekk justért ventilane, gjekk bilen som ei bøtte møkk og var komplett ubrukeleg. Hadde lav komp på sylinder 1, der treng ein nok å gå over justéringa. Så vart VX-kammen montért tilbake, og plutseleg hadde eg bil som fungerte igjen :)
Bytta lykteglas og reflektor i venstre lykt, heldigvis den som var gammal og sliten.
Vedlegg 2756
Ein del sår i denne etter lang og tro teneste:
Vedlegg 2757
Desse små, dyre (50 kr/stk) og umoglege plastbitane til reflektoren er nok greitt å få med seg, delenummer for dei som treng:
Vedlegg 2753
Plukka av dei stygge billige fjernlysa som ikkje tolte å få snø på seg og aldri var i rett posisjon:
Vedlegg 2754
Ny reflektor og ingen fjernlys, plukka ikkje av festa på ekstralysa, for tenkte eg skulle få tak i nokre orginale Volvolampar der i staden:
Vedlegg 2755
Ser ut som du må tørke litt støv i instrumentpanelet. :-p
Fint med nye deler. :)
Sendt fra min Note II
Skal du fortsette å ha denne, eller...? :p