Opprinnelig postet av
Øygard
No er eg litt i tvil. Oljelekkasjen vart jo fiksa for sikkert to månadar sidan, det var berre eit par pakningar og nåken skruer på bunnpanno som var litt lause. I dag skulle eg ha han på etterkontroll, men på mandag oppdaga eg eit par oljeflekkar under. Var usikker på om det var frå min bil eller ein an som hadde stått der, men so såg eg det samme i går. Eg tok no likavel og kjørte han på etterkontroll, greit å få godkjent innerskjermane og bremsane, og so tørka eg vekk litt olje i håp om, å få han godkjent. Sånn gjekk det ikkje. Det ser yut til at det kjem frå mellom motoren og girkassen denne gongen, der har det ikkje vore lekkasje før. So då har eg ein fin liten jobb framfor meg. Eller ska eg berre sella han sånn som den er? Men no erdet heldigvis det einaste som manglar for å få han godkjent.