Opprinnelig postet av
gaupe
Er nok ein del vakuum-linjer og vakuum-styring som trengs å sjåast over på denne motoren. Men i følge rykta skal D-jet vere enkelt å jobbe på, i og med at dette skal vere fullelektronisk system. Det som skal vere oftast feil, er ein MAP-sensor, uvisst om denne kan feilsøkast, eller om dette er noko ein berre startar med å bytte.
Det er nok ikkje så mange som har full kontroll på denne motorstyringa, så ein tilfeldig verkstad er nok ikkje plassen å levere den frå seg. Automatkassa er vel berre ein BW35, og den burde vere rett fram å styre med.