Opprinnelig postet av
Øygard
Det blei til at eg kjøpte dei Bilstein-demparane frå Pedesen, kjøpte og forsterka fjører hos dei, so håpar detta blir bra. Må ha nye innerskjermar bak då, dei dårleege demparane og slappe fjørane bak, litt feil innpress på felgane so dei kom for longt ut og 5 over gjennomsnittet tunge mannfolk i bilen var ein dårleg kombinasjon på ein vei med mykje telehiv. Resultatet er at eg må skifta plastinnerskjermane bak og når dei er av må eg smøra på nåke maling og styr på hjulbuen. Eksosanlegget er forresten sundrusta og knekt to plassar, har bestilt rustfritt på Biltema som forhåpentligvis skal gjera jobben i mange år. Eller har bilen fått seg ein ny vindusviskar og blitt vaska ein del gongar sidan sist, i tillegg til ein liten service der eg skifta girloje og. Det angrar eg ikkje på, det vart mykje lettare å gira etterpå, det var nok lenge sidan sist det var skifta girolje på denne, viss det i heile tatt har blitt gjort.