Det er to mil fra lom til meg, men kan møte deg i lom vettu ;)
Printable View
Det er to mil fra lom til meg, men kan møte deg i lom vettu ;)
Ja ok, du høyrer frå meg når eg veit :)
Då er bilen henta heim frå lagring og jekka opp framme for å skifta til vinterhjul. I samme slengen tenkte eg å sandblåsa litt rust her og der før eg tar han ut i saltet igjen, bilde av detta kjem sikkert når eg har gjort det. Det er snart tid for EU-kontroll, og då veit eg om at ei berekula og eit endeledd må skiftast, detta har eg allerede kjøpt inn, og so må eg fiksa absen, som har begynt å lysa på, har fått ut feilkode 152, som er brudd i kretsen til høgre framhjul, so skal måla litt på det. Såg og at den ringen består av ikkje so veldig mykje meir enn rust, men trur ikkje det er grunnen til lyset.
Ein nedtur var at eg oppdaga nettopp no, når eg skulle kjøra heim, at det draup kjøleveska frå den øverste pakningen på vannpompa. Ikkje lite heller, det draup sikkert kvart femte sekund når bilen gjekk på tomgong, so det blir nok ny vannpompa, sjølv om den egentlig er i orden, for eg har dårleg erfaring med å montera på igjen gamle vannpumper (242en).
Det blir sikkert ei oppdatering med bilde snart, må berre få gjort litt først sånn at eg har litt å ta bilde av.
Klar for å sjå dagens lys etter gammalt
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/01/777.jpg
Og so kjeda eg meg litt ein dag, so eg tok eit gammalt og ødelagt blinkelys og prøvde å laga sidemarkeringslys sånn som nyare Volvoar har. Lagde berre hol i rflektoren sånn at det lyser ut på sida der og, og so la eg på oransjefilm. Bytta fort tilbake til originalt, detta var berre eit eksperiment fordi eg kjeda meg :)
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/01/778.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/01/779.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/01/780.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/01/781.jpg
Som dåke ser blir kaliperane raude, trur det blir fint i lag med den raude refleksstripa på støtfangarane.
siden refleksstripa er såpass tynn, å du vil matche calippere, så kanskje vært pent med svart calipper med rød calipper/klaveholder ? lakke hele greia rødt vil kanskje bli too mutch mtp at hele calipperen blir ganske stort i forhold til den tynne stripa på fangerene!?
Jeg har rød klave og sorte kaliper på 740n :) Syns det var litt kult [emoji14]
Ja kanskje, men no har eg jo ikkje veldig stor åpning i felgane, so trur det går bra. Prøver med det sånn, det er jo lett å fiksa viss eg får lyst til det
Detta har tatt long tid, men no har eg fått tatt den rusten eg hadde tenkt å ta i denne omgong. Gjenstår berre litt lakk på venstre framskjerm. Har skifta ABS-sensor høgre framme og, so no virkar ABSen. Må skifta høgre berekula og venstre indre endeledd, fiksa handbrems, veivhusventilasjon og få bakbremsane til å halda kjeft før EU-kontroll, håpar det ikkje blir so mykje meir. Bilde kjem seinare.
Som sagt hadde eg av plastinnerskjermane for å stoppa litt rust som var begynt å komma inni der og på nåken av hjulbuane.
ABS-sensoren hf blei skifta og etter det har eg ikkje sett meir til ABS-lyset :)
So kjørte eg bilen nåken dagar, med vinterdekk, for det er ei god stond sidan. Det vart fint med dei felgane, skulle vel helst hatt dei på sommaren.
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/05/574.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/05/575.jpg
Tok bilen med på jobb for å skifta høgre berekula og venstre indre endeledd, oppdaga då at begge ytre endeledd var beguynt å bli dårlege og. Gjekk bort på ein butikk rett bortanfor der eg jobba, 10 minutt før dei sku stenga og dei hadde heldigvis det eg trengte på lager, so då fekk eg skifta alt samtidig og justerte spissinga. Nåken dagar seinare var det EU-kontroll, då fekk eg feil på handbremsa. Det var ikkje so rart for mekanismen der sto heilt fast på høgre sida. Kjøpte nye sko med monteringssett og justeringsskruer til 240, blei veldig bra, og bilen vart godkjent.
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/05/576.jpg
Etter å ha eigd bilen i over 4 år var det på tide med ein litt skikkeleg vask innvendig fant eg ut. Eg har jo støvsugd av og til før og, men no vart alt vaska skikkeleg, og det gjorde det mykje trivlegare i bilen. Spesielt sidan han har stått eit år og, og det var litt antydning til mygla rundt brytarane til setevarmen, men no vart det veldig fint :)
http://forum.vccn.no/img-dump/2017/05/577.jpg
En vask gjør stort sett susen på alle biler. Trivelig å se at noen tar vare på denne generasjonen også. Blir mest brukt opp eller totalt ombygget :)
Liker at du tar så godt vare på denne og at du beholder den original nesten alt på vccn er skamsenking og trimming så
er godt og se noe annet også:)
For meg er detta ein god bruksbil som eg vil prøva å halda liv i so lenge som mulig og ta vare på. Mange som pendlar 12-13 mil kvar dag vil nok gjerne ha nyare bil men 940en klarar den jobben heilt fint og det er ein komfortabel bil. Økonomisk er det heller ikkje so gale. Denne bilen blei kjøpt for 4 år sidan for 8500 kr so verditap er ikkje nåke tema. Forbruket på0,85 på mila er til å leva med med tanke på at bilen er so billig å vedlikehalda. Trimming og skamsenk er eg intressert i, denne har nok krefter til å følga trafikken og ein del til, meir enn det treng eg ikkje. Eg brukar bilen til alt mulig og ofte på dårleg vei so litt bakkeklaring er kjekt å ha.
Litt morsomt med tilfeldigheter samme år og samme måned som du var på Europa tur med denne så var jeg på tur alene fra Lindesnes til nordkapp med 740 en jeg hadde.
Gjennom Sverige og Finland 5600 km på 10 dager og sov inni bilen var stv:)
Det høyrest ut som ein artig tur, er jo nesten lika longt og. Det blir nok fleire longe turar med denne, kanskje ikkje fullt so longt som sist, har ingen konkrete planar, men det blir nok fleire liknande turar håpar eg. Det er no veeldig grei bil å kjøra longt med :) Det som er problemet med å reisa gjennom Sverige er at det blir so dyrt og bilen er stappfull med volvodelar etter første dagen :p
Det hjelper å vera fleire ja. Me var sju fyrar, 4 med lappen so det var 2 sjåførar i kvar bil. I Italia var det opp i 36 grader, og ingen av oss har ac, min bil er heilt svart innvendig og den andre er mørkeblå, so det blei ein del kjøring med åpne vindu. Ein ting som funkar når du kjører åleina og det er varmt er å åpna begge vindua på førarsida passeleg mykje, då får du god ventilasjon og lufta sirkulerar på ein sånn måte inni bilen at du ikkje får trekken på deg. Veit ikkje om det funka på alle bilar men det funka veldig bra i 940en og ganske bra i 145en og.
Ja eg har jo det framme, huska ikkje korleis det var før eg fekk det, veit ikkje om eg hadde funne det ut då.
Skjer det noe her for tiden?:)
Har no skjedd litt, ska prøva å oppdatera litt, men må visst finna meg ein ny plass å lasta opp bilde... No er eg og bilen i Sverige ein tur, satsa på å komma meg heim igjen og :)
Ja såg det, at dei driv og toskar seg. Må begynna å bruka nåken andre, so blir det nok snart ei oppdatering i fleire av trådane :)
Her har det blitt dårleg med oppdateringar siste halve året. Ska prøva å få med det viktigaste
Mistenkte dårleg kompresjon i motoren fordi motoren bremsa so utruleg dårleg. Tok derfor sylinderlekkasjetest, som går ut på å setta lufttrykk ned i forbrenningsrommet og sjå kor tett det er. På skulen lerte eg at det skal helst ikkje vera meir nn 20 % lekasje. Andre plassar har eg høyrt 30 og 40. I alle fall såg resultatet sånn ut på dei tre første sylindrane
https://i.imgur.com/aGDedML.jpg
Og på den siste
https://i.imgur.com/b1KedOB.jpg
Det var no rart at det var so stor forskjel men det kunn vore verre, får leva med det sånn.
Etter detta vart det ein grundig innvendig vask. Det har ikkje vore gjort so grundig på dei 4,5 åra eg har hat bilen, gjorde seg veldig. Det var rett før ferien.
https://i.imgur.com/FV4mww5.jpg
Kan ta med nåken få bilde frå ferieturen og. Først ein tur til Jølster
https://i.imgur.com/gV82XWZ.jpg
V70en var med på samme turen, her på biltema i Førde
https://i.imgur.com/Osc9024.jpg
So sørover
http://i.imgur.com/zMBn9yr.jpg
Ein tur innom her
https://i.imgur.com/kMbXSxT.jpg
Og nåken fine dagar i sørsverige med besøk på bilopphoggeri og litt andre ting innimellom
https://i.imgur.com/Ximu0Yc.jpg
https://i.imgur.com/8kdo5zO.jpg
Og so tilbake til Jølster
https://i.imgur.com/BFTMV1S.jpg
Bilen har vore snill og grei heile tida. Blei hastebytta bremseklossar bak her ein kveld fordi den eine klossen var på stålet. Dei andre klossane var det ein del igjen av. Det var ikkje heng i dei, og caliperane bak + skjever og klossar med monteringssett var alt nytt rett før romaturen. Hadde heldigvis klossar liggande, ska sjå meir på detta snart.
Fekk skifta simmeringen bak med pinjongen for nåken få veker sidan og tatt ein liten 420000-service. Simmeringen satt veldig fast og ganske moden for utskifting, men det blei no tett. Må vel snart skifta registerreim og, fant ut at den vart skifta på 286000 km sist :p
Har fått lasta opp litt fleire bilde no. På vei tilbake frå Sverige, ein plass longs rv4 litt nord for oslo blei det overnatting i bilen på denne rasteplassen
https://i.imgur.com/zWEFZgJ.jpg
Neste dag bar det vidare til Gjøvik og Vazelina bilopphoggeri og overnatta hos nåken som bur der i området.
https://i.imgur.com/yCEPtqy.jpg
Turen gjekk opp til Sunnfjord der me var nåken dagar og so heim. Der tok eg som sagt ein liten service med olje og filter og litt sånt.
https://i.imgur.com/Hj9D8L1.jpg
Blei som sagt skifta simmering på diffen og, har blitt meir og meir lekkasje der, begynte kort tid etter eg kjøpte bilen. No måtte eg fylla 4-5 gongar i året so då var det greit å få skifta. Kurant jobb egentlig men det var litt styr å få ut den gamle, satt godt fast kan du sei.
Pga sykkelvm i Bergen fekk eg fri forrige veka. Eg nytta tida til meir fornuftige ting enn å stå i byn og sjå på folk som syklar, det har eg sett før. Første helga blei det ein tur opp til Sunnfjord med ein skaphengar for å hjelpa til med å tømma eit hus og ein tur innom bilopphoggaren.
Brusflasketømmepause i Masfjorden
https://i.imgur.com/PgVHeAN.jpg
Fint vogntog
https://i.imgur.com/ra18MCY.jpg
https://i.imgur.com/zyaAGJN.jpg
Litt nord for Sande var det lysregulering pga veiarbeid, då kom eg bak denne og følgte han ti Førde der me skulle kvar vår vei. Legg merke til eksosen, lyden minna heller ikkje veldig om ein B230...
https://i.imgur.com/wI1yipa.jpg
Eg har jo hatt ein slange tredd inn på peilerøret og oppi ei brusflaska til veivhusventilasjon ganske lenge, og den må jo tømmast ganske ofte, på den turen måtte eg tømma flasko tre gongar på vei oppover, also 24 mil, pga mykje høgt turtal og lave gir med hengaren, og eg var jo ganske lei av å styra med det frå før og, so når eg kom heim sete eg i gong og skifta veivhusventilasjonen. Det er jo EGR på denne bilen, og den er ikkje so lite i veien so eg fant fort ut at det ville lønna seg å skru laus innsuget. Etter å ha demontert det som skulle demonterast sagde eg oljefella i to for å sjå om det var mykje skit inni, og bildet seier vel sitt...
https://i.imgur.com/AskBcat.jpg
https://i.imgur.com/rk4wF6s.jpg
Det filteret eller kva eg skal kalla det som er på slangen opp til innsuget hadde eg og kjøpt inn, det angra eg ikkje på når eg såg korleis det gamle såg ut.
https://i.imgur.com/T2Fb56c.jpg
Andre sida
https://i.imgur.com/3CwCPvz.jpg
Det var ikkje problem å sjå forskjel på den gamle og den nye nei
https://i.imgur.com/6i9ihZx.jpg
Ikkje verdens flottaste garasje, men det er no under tak i det minste
https://i.imgur.com/dEVyMkt.jpg
Her, klokka 23 natt til forrige søndag kunne eg starta opp bilen med ny og rein veivhusventilasjon. Når eg tok ut beilepinnen ogheldt fingeren over kom det ikkje lenger luft og olje opp der, det var faktisk eit lite undertrykk.
https://i.imgur.com/T0PEKxy.jpg
Som takk for den nye veivhusventlilasjonen tok dynamoen kveld på vei til jobb på torsdag. Det var berre litt over ei mil igjen so eg slo ned på parklys og kjørte vidare til jobb. I lunsjen lånte eg ein bil og for på biltema og kjøpte ny, bosch-dynamo er det visst, håpar den er grei, har ikkje berre god erfaring med dei frå før.
No har eg begynt å forbereda bilen på salt og drit i vinter, litt sveising, ein del pussing og holromsbehandling er ting som står på lista over det som skal gjerast, men eg brukar jo bilen kvar dag so det går ikkje so fort.
I tillegg har det plaga meg litt at nærlysa er litt for svake. Longelysa er det ingen ting i veien med, det er jo 6 55w perer so det skulle lysa godt nok, men det blir veldig mørkt når eg må blenda ned. Reflektorane er sikkert lika gamle som bilen so det kunne sikkert hjelpt litt med nye, men dei såg no ikkje veldig ille ut heller . Biltema har jo nåken perer som dei påstår skal gje opp til 80 % meir lys. Det er nok litt optimistisk, men både bestefar og broren min seier det var stor forkjel på dei og vanlege perer,men eg meinte at det skulle ikkje vera so dårleg lys med vanlege perer. So dreiv eg og rydda litt ein dag og kom over nåken notat frå yrkeskulen der det sto at 0,5v spenningsfall kan gje 15% svakare lys. Eg målte og fant ut at eg hadde spenningsfall på 1,3 volt på begge sider. tok ein ledning direkte frå batteriet og på perekontakten og det var stor forskjel. So eg skal legga ledningar frå batteriet til lykta med rele som får styrestraum frå det som no er hovedstraum, då blir nok lyset bra :)
Liker denne tråden veldig godt så håper du fortsetter og holde liv i den:) Det med pærene så har pærer med mer lys kortere leve tid enn de nomale. Jeg har satt i slike på V70 en og valgte da osram night breaker da disse kommer best ut i tester har selv ikke fått testet de enda men Osram regner halve levetiden på disse kontra normale pærer.
Takk for det, ska prøva å halda liv i den vidare og, det stoppa opp litt når photobucket begynte å toska seg, men no er eg i gong igjen, det er derfor eg kjem med oppdateringar frå sommarferien no :)
Ja det stemmer at dei perene har kortare levetid, men eg tenker at det er verdt det viss det lyser godt. Det er fort gjort å skifta perer og det er heller ikkje ei veldig stor investering. Når eg får lagt opp nye ledningar til lysa sånn at dei får ein volt meir enn dei får i dag vil det nok bli meir enn bra nok lys, sjølv med vanlege perer. Detta og vil jo korta ned levetida på perene, men eg vil heller skifta perer av og til, og ha godt lys enn å kjøra rundt med dårleg lys for å spara perene, kan fort bli dyrt det og :)
Jeg tenker også at det er verd det for og få godt lys. Synes denne tråden er fin for det meste her inne er ombygging til fk motor og senke sett osv begynner og bli lei av det så er godt med noe annet:)
Jeg prøvde og koble opp så jeg fikk en grov pluss fra batteri, til et relè som styres via nærlys. Som da gir strøm videre til et vekslende relè, som igjen styres av fjernlys. Men da dette er oppkoblet lyser fjernlyslampa i instrumentet svakt når den egt står på nærlys. Gi gjerne tips da jeg også sliter med spenningstap fram til lykta.
Eg trur eg vil ha eit "av/på-rele" til kvart nærlys (for å fortsatt ha lys viss det eine releet tar kveld, og for å ikkje få varsel om perefeil), Det er sikkert lika mykje spenningsfall til longelysa men det er ikkje problem for min del sidan eg har tusenmetringar, men viss eg vil fiksa det og ville eg gjort det samme der og, med eigne "av/på-rele"
edit: Her er ei god forklaring på det eg har tenkt å gjera :)
http://www.tv2.no/a/4153654/
Det hørtes unødvendig innvikla ut... Ett relè til nær og et til fjern, styrestrøm henter du fra original kontakt, ingen kontakt mellom de 2. Verre er det ikke :) funker gull på 740'n her, dog har jeg brukt et modifisert ledningsnett fra biltema.
Sent fra min SM-N950F via Tapatalk
I dag slutta speedometeret og km-tellaren plutseleg å virka. Grådig irriterande, må vel ta ut instrumentpanelet og leita etter ein feil då, viss det er der feilen er... Reknar med det.
Kjedelig speedometer er litt greit og ha ble rimelig redd når jeg kjørte gjennom fartskontroll med 740n jeg hadde uten speedometer:)
Skjer det noe mer her? Ser du er ikke så mye på forumet for tiden mye og gjøre?:)
Får oppdatera litt igjen då :) Som eg nevnte ein annan gong oppdaga eg at det var rusta hol i høgre kanalen heilt bakerst + to mindre hol lenger framme. Ville få fiksa det før det kom salt på veiane so då var det berre til å setta i gong.
Her er bakerste holet skore ut
https://i.imgur.com/3pK6Tjz.jpg
Ny del nesten ferdig tilpassa.
https://i.imgur.com/Z2W8GAL.jpg
Tok litt for lite bilde, og heldigvis ingen av sveisinga. Det blei ikkje so bra, for kanalen er nesten gjennomrusta frå innsida, so stålet var for tynt til å sveisa i so det brente hol osv. Egentlig burde eg skore vekk meir, helst heile kanalen men det får venta til eg er blitt litt flinkare til å sveisa :) Her er det grunna med 2k epoxy. Det har jo "alltid" vore ein bulk bak på begge kanalane etter at nåken har plassert jekken feil, men no fekk eg fjerna den på høgre sida :)
https://i.imgur.com/iFY1Aw7.jpg
I tillegg til kanalen flikka eg litt nåken andre plassar på bilen men oversåg to små flekkar nede på førardøra, so det må eg ta igjen.
Kjøpte meg ein vinterbil for 3000 kroner til å bruka sånn at eg hadde tid til å gjera rustarbeidet på Volvoen skikkeleg, men plutseleg takka den for seg og eg måtte hiva meg rundt og få 940en ferdig litt fort, men trur det blei bra resultat.
Vinterbilen
https://i.imgur.com/9t53XmG.jpg
Til slutt blei alle holrom sprøytt med sagkjedeolje innvendig. Kanalane blei lakka i bilen sin farge (var svarte før). Neste dag kom vinterdekka på.
https://i.imgur.com/b1yHNnk.jpg
Det blei montert rele til nærlysa sånn som eg snakka om tidlegare, dette har eg ikkje bilde av men blei bra, merka det på lyset, men det kunne fortstt vore betre. Det viser ikkje so godt på bildet her, men reflektorane i frontlyktene var ganske matte og flekkete,sjølv om det egentlig ikkje såg so verst ut.
Derfor bestemte eg meg for å skifta reflektorane. Hos Volvo kosta det 1400 kr, so då gjekk turen heller til Biltema, der eg la på ein hundrings til og fekk med meg ei heilt ny komplett lykt heim. Kjøpte berre ei for å ikkje sløsa for mykje pengar i tilfelle det ikkje hadde nokon effekt. Dei gamle lyktene mine såg jo ikkje so ille ut, heilt til eg pakka ut den nye og sammenlikna. Og du hendele kor mykje blankare den var, merka det på lyset og, s det blir nok bestilt ei til.
Gammal reflektor
https://i.imgur.com/nDhwjnd.jpg
Samtidig skifta eg ut Hella 3000-lyktene mine som eg har hatt på bilen i ca tre år no, med nåken Bosch Rallye 225 som eg fekk kjøpt rimeleg. Hella-lyktene har vore greie dei, men bosch-lyktene lyser endo lengre og det blir ikkje so veldig lyst rett framfor bilen, so eg er veldig fornøgd med dei.
Seint ein kveld, eg står og justerer dei nye lyktene.
https://i.imgur.com/iN4mxm4.jpg
Viser kanskje ikkje so godt på detta bildet men den eine lykta er mykje blankare enn den andre. Vakje so verst dei nye ekstralyktene heller.
https://i.imgur.com/3UfUlAR.jpg
Ute på oppdrag
https://i.imgur.com/DgvUVhF.jpg
Beste bildet eg fant av dei lakkerte kanalane
https://i.imgur.com/mKPHTDa.jpg
Blir bra dette og godt og få tettet kanalene før vinteren så det ikke kommer salt i de. Sveise arbeid er jo en treningssak men så ikke galt ut dette ser verre ut noe av det jeg har sveist. Trodde i grunn at 940 ikke rustet så mye inni kanalene men det gjør de vist. Har selv begynt og bruke fluidfilm i kanaler osv nå det er nok litt tynnere en sagskjedeolje så får se hvordan det fungerer:)
Ja det stemmer at 940 ikkje rustar so mykje, men etter 24 år på Vestlandet utan ekstra holromsbehandling før no er det vel ikkje anna å forventa. Vurderte å bruka fluid film sjølv, har høyrt mykje bra om den, men no hadde eg det litt travelt på slutten so eg måtte berre ta det eg hadde.