Ja, den har eg skifta pera i so den virkar :) Det er litt kjekt når alt det virkar ja, so eg har fiksa dei eg veit om og montert litt fleire. Det er fint med lys, men må ikkje bli for mykje heller for då ser det berre rotete ut. Er det nåken 940ar som har lys i brytarane til vindusheisane? Det har ikkje eg og trur ikkje eg gidd å laga det heller. Innstegsbelysning (sånn nede med pedalane) har eg ikkje bruk for so det trur eg at eg driter i. Vil helst ikkje ha alt for mange forskjellige fargar heller.
I brytarane og speedometeret er det ein heilt grei litt grønaktig farge, og eg er so heldig at eg har omtrent samme fargen i cd-spelren og, og vil ikkje bytta til ein med ein farge som ikkje passar. I innstillingane til varmeapparatet er fargen litt gulare, det må eg prøva å få gjort nåke med. Viss nåken har eit bilde av eit 940-interiør i mørke hadde det vore kjekt å sjå. Kjøpte nåken få sånne originale perehaldarar med perer i hos Volvo ein gong og trur dei kosta oppimot 120 kr pr stk. Egentlig er det jo heilt vanlege standardperer, men problemet er at dei er lodda sammen med perehaldaren sån at den og må skiftast. På 740 derimot er det ikkje lika toskje, so der går det an å skifta kun perene og bruka for eksempel den her: http://www.biltema.no/no/Bil---MC/Bi...TK-2000032209/
Når eg er på bilopphoggeri tar eg alltid med nåken perehaldarar viss det er 740 der, dei kan modifiserast til å passa i 940.
I utetemperaturmålaren brukte eg ein perehaldar frå speedometeret i ein gammal Chrysler, den måtte modifiserast litt, men no er det utskiftbar pera der og. Den pera (fastlodda i perehaldar) får ein kjøpt hos Volvo og, for ein 50-lapp, men dei klarte ikkje å finna den rette til meg på første forsøk, måtte ta med den gamle so fant dei den, men den varte berre ein vinter so då blei det perehaldar frå Chrysler.