Austin Van Man: '73 Volvo 144 Weber
E vel på tide at eg legg ut ein prosjekttråd om Volvoen min.
Eg vil prøva å gjere dette til ein bildetung tråd, fordi eg sjølv ikkje liker å lese om prosjekt utan bilete.
Eg kan fortelja litt om meg sjølv fyrst: Snart 18 år, bur på Voss (i helgene), men går på skule i Bergen. E veteranbilentusiast, og e medlem i ein lokalklubb for gamle køyretøy, og ein klubb i England. Har og eit storprosjekt med ein Austin varebil.
Bilen e ein '73 modell 144 som eg kjøpte 16. oktober i fjor på Gol. Bilen har vore gubbekøyrt, noko so viser igjen bl.a. ved kommuneklistremerke i bakruta og ettermontert speigel i solskyggen.
Planen med bilen var å fjerne rusta og ellers ta ein mild restaurering av bilen, og få den godkjent te eg vert 18 år. Siste året den var godkjent var i 2007. So blir da bruksbil i nokon år, te eg bestemme meg for å kjøpa nyare bil. Då skal Volvoen heilrenoverast for so å verta sondagsbil. Bilen e bortimot i orginalstand, og sånn ska da ve!
Litt trist å køyra gammal bil på salta vegar, men bilen var ikkje glansbilde då eg kjøpte den heller. Da var med vilje at eg ikkje kjøpte den finaste på markedet. Og so lenge meininga e at bilen skal verte restaurert og få eit bedre liv, so e da vel greitt at den gjer ein liten innsats fyrst?
For eit trent auge e da ikkje vanskeleg å sjå at eg har feil framsete. Om da e riktige baksete må de fortelja meg, for da veit eg ikkje. Ellers må de gaula om da e meir so ikkje høyre te denna bilen.
Ynskjer å kjøpa diverse deler:
- Gulvmatter
- Framstolar
- Brosjyrer
Ta kontakt.
Her e bilde frå då eg henta den:
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1040.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1041.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1042.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1043.jpg
Fullasta med nesten 2 sett hjule. Måtte fylla bensin før langturen tebake te Voss - med fri eksos...
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1044.jpg
På fergekaie på Brimnes
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1045.jpg
Dagen etter, ein velfortent vask
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1046.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1047.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1048.jpg
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1049.jpg
Sånn såg felgane ut. Da e vel fastbrent bremsestøv so har lågge der lenge. Då brukte eg Zalo, som ikkje e skadeleg på felga so da e på lakk. "Ein dråpe e nok", men tilsett noko meir tålmodigheit. Då blir da bra te slutt. Eg gjorde da samma med broderen sine Eiker felgar.
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1050.jpg
Etter ei stond vart eg lei. Såre knokar og oppbrukt tannkost, men forbedringar e da, skjønt plass te litt te...
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1051.jpg
Bilen min og gamlebilen til broderen:
http://forum.vccn.no/img-dump/2011/01/1052.jpg