PDA

Vis full versjon : Vibrasjon/risting ved pådrag ut av sving XC90 2007 D5



Øyehaug
27/07/22, 22:47
Opplever vibrasjon/risting ved pådrag ut av sving på XC90en (2007 D5) . Typisk ved litt hardt pådrag inn på vegen eller ut av rundkøyring. Det skjer også i lav fart i svingete oppoverbakker med aktiv køyring. Felles er at det skjer ved ca 2500 omdreining og oppover. Følest ut som ristinga følger motorlyden. I starten var det mest ein hørbar lyd inne i kupén som kunne minne om svak V8 lyd på D5en :) Men no er lyden bytta ut med vibrasjon og risting. Kjenner det i fotbrønnen frå gulvet.

Får ikkje framprovosert problemet ved hardt pådrag rett fram, når det ikkje først har vore tydlig rattutslag. I vanlig rolig køyring er altså bilen som normal.

Alle motorfester er bytta siste året, men opplever fortsatt noko motorvibrasjon på tomgangsturtal og i lav snirklefart, viss det har noko samanheng.

Eit anna inspel er at det er vibrasjon/vugging i bilen i eit lite område frå 55-60km/t.

gaupe
01/08/22, 08:56
Haha, no er du på ein farleg veg, vegen til å verte kvitt all ulyd ;) Eg brukar å vere på det prosjektet sjølv.

Dette er jo etterkvart gamle bilar, og der mykje gummiforingar rundt om som har teke til å eldast utan at dei er synleg gåen. Og det at dette er ein firhjulstrekkar med eit firhjulstrekk som går frå å vere nesten inaktivt til fullstendig innkobla utan at ein merkar stort til det, gjer ikkje feilsøkinga spesielt mykje enklare

Er bilen gått langt? Når du snakkar om v8-lyd, snakkar vi om ein snekkelyd, litt tung bankelyd?