Vis full versjon : Øygard sin samletråd for alle bilane
Det har blitt mange bilar etter kvart, kanskje for mange, so velger å samla alle i ein tråd for å gjera det litt meir oversiktleg for meg sjølv. Dei gamle trådane blir ståande for å kunna gå tilbake og sjå, men det blir her historien fortsetter.
Her kjem ein oversikt over bilane eg har per dags dato. Tillater meg å nevna bilar av andre merke enn Volvo og, men ikkje gje dei for mykje oppmerksomhet her.
Først ein oversikt over tidlegare bilar:
96-modell V40, full i rust og utslitt motor, endte sine dagar på hoggeriet etter kort tid.
https://i.imgur.com/s68Qgnd.jpg
95 Volvo 850 kjøpt for 5000,- februar 2015, brukte den eit års tid. Fantastisk kjekk og komfortabel bil, nesten rustfri, men dessverre alt for dårleg vedlikehald og mykje som var gale. Avskilta desember 2015 før eg for i militeret og etter kvart selgt som delebil.
https://i.imgur.com/iw9HirY.jpg
1970 Volvo 145. Kjøpt for å ha i som bruksbil det året eg var i militeret, februar 2016. Var bruksbil ei tid etter eg kom heim og, reiste vidare til neste eigar i april/mai 2017.
https://i.imgur.com/bkD1pjW.jpg
https://i.imgur.com/YsOB5BW.jpg
1992 Toyota Corolla 1,3 som tilbakela 30000 km i mitt eige mellom mai 2013 og mai 2014. Brukt som pendlebil fordi det var for dyrt å pendla 12 mil om dagen med 940 med lærlinglønn.
https://i.imgur.com/h2Nk5Xe.jpg
1999 V70 kjøpt som reparasjonsobjekt våren 2017, reparerte og hadde den nokre få mnd. Lever i beste velgåande hos sin nye eigar.
https://i.imgur.com/iBC81tZ.jpg
1986 Nissan Bluebird kjøpt for å ha på andre sida av fjorden for å spara pengar på å sleppa å ta bil med på ferja. Var for fin og sjeldan til å stå på ein kai og blei bytta ut i ein Corolla.
https://i.imgur.com/TsiFP1S.jpg
Hadde også ein 2000 Toyota Yaris og ein Subaru Legacy ei kort stund.
Noverande bilar pr 20/5-21
77 242
Første bilen min, original bil med lav km, treng ny lakk. Var bruksbil ei stund, men har stått lenge no, men skal settast i stand.
https://i.imgur.com/wM38bVx.jpg
https://i.imgur.com/lfAa1GY.jpg
https://i.imgur.com/zLCF798.jpg
79 244
Kjøpt som delebil til 242en, mykje rust og mykje ant som er gale. Tida vil visa kva som skjer med den.
https://i.imgur.com/O2RroGl.jpg
93 940
Kjøpt våren 2013, skulle fiksast og selgast, men fekk bruk for den, og planane om salg er for lengst lagt på hylla. Har vore bruksbil mange år og over 100000 km, har dei siste åra unngått å bruka den i salt om vinteren og latt ein gammal japse ta seg av det.
https://i.imgur.com/uGcPWSC.jpg
https://i.imgur.com/8Q3SNff.jpg
https://i.imgur.com/kMbXSxT.jpg
https://i.imgur.com/ozjbQNE.jpg
1990 Toyota Carina 2 kjøpt for vrakpant jula 2017 og brukt som vinterbil for å spara 940en. Veldig god bil som eg til no har kjørt 70000 km med.
https://i.imgur.com/LjmJAuW.jpg
https://i.imgur.com/pDJg1JI.jpg
1990 Toyota Corolla kjøpt hausten 2020 med mangellapp, som erstatning for Bluebirden. Får nye hjulbua bak i desse dagar og kjem snart for salg.
https://i.imgur.com/F0dgU53.jpg
1991 Toyota Carina 2 samme type bil som den blå, impulskjøp våren 2020, er no sett i brukbar stand og fått skilt, kjem truleg for salg i løpet av sommaren.
https://i.imgur.com/DNptJcz.jpg
1989 Volvo 240 Nok eit impulskjøp, sto i fare for å bli delebil, var sjølvsagt for god til det og måtte reddast. Treng ikkje stå so langt ifrå før den ser veldig bra ut, men er ein heil del som må gjerast. Ber preg av eit hardt liv som ungdomsbil.
https://i.imgur.com/QohVO8t.jpg
2003 Volvo S60 2,4 d. Nylig kjøpt, skal overta den blå Carinaen si stilling, kjøpt for å forbedra sikkerheten og drivstofføkonomien sidan eg har long vei til jobb og ikkje den tryggaste veien. Tida vil visa om det var lurt. Skal til EU-kontroll i nermaste framtid.
https://i.imgur.com/iB0pNvc.jpg
https://i.imgur.com/GYb8uYZ.jpg
https://i.imgur.com/09Wt9ok.jpg
https://i.imgur.com/HTyaaC9.jpg
240en som står attmed S60en er forledra mine sin, den og V70en deiras kjem til å bli med i denne tråden når det er eg som skrur på dei. V70en er ein svart 2000-modell 2,5 TDI manuell.
https://i.imgur.com/T2D7Ko0.jpg
Skal prøva å vera flinkare til å oppdatera framover enn eg har vore dei siste åra. Viktig å halda liv i forumet :)
Kommer til å følge denne :) Å er spent på hvordan du kommer overens med S60 en for min del er moderne Volvo dessverre for komplisert å tungskrudde å dyre i drift til at jeg vil eie en så er derfor jeg ikke har Volvo som bruksbil lengre.
Ja det er eg og spent på. Eg syns det er fine bilar, men har ikkje funne meg heilt til rette i den enno. Toyotaen har vore ein kjemoebil på alle måtar, kjøpt for vrakpant, kjørt 70000 og lagt ut 10-12000 på 3,5 år, det er nok ikkje mange som slår den. Som sagt er hovedgrunnane til ny bil sikkerhet og drivstofføkonomi. Kor mykje av den vinninga som går opp i spinninga blir spennande å sjå. Heldigvis blek bilen kjøpt billig, har lkte rust, euro3-motoren (ingen virvelspjeld, dpf osv) og manuell for å eliminera flest mulig feilkilder.
Når det gjeld skruing har jo eg den fordelen at eg har tilgang på skikkeleg verkstad, og desse er egentlig greie å skru på i forhold til mange andre europeiske bilar, og har den fordelen at dei rustar lite. Mange japanske bilar er nok enklare på mange måtar.
Ja det er eg og spent på. Eg syns det er fine bilar, men har ikkje funne meg heilt til rette i den enno. Toyotaen har vore ein kjemoebil på alle måtar, kjøpt for vrakpant, kjørt 70000 og lagt ut 10-12000 på 3,5 år, det er nok ikkje mange som slår den. Som sagt er hovedgrunnane til ny bil sikkerhet og drivstofføkonomi. Kor mykje av den vinninga som går opp i spinninga blir spennande å sjå. Heldigvis blek bilen kjøpt billig, har lkte rust, euro3-motoren (ingen virvelspjeld, dpf osv) og manuell for å eliminera flest mulig feilkilder.
Dobbelmassesvinghjulet slepp du ikkje unna då
Dobbelmassesvinghjulet slepp du ikkje unna då
Det er eg klar over, og so den berømte proppen som plutselig kan gje stor oljelekkasje. Den risikoen må eg ta, og det er uansett billigare enn ny automatkasse.
Det er eg klar over, og so den berømte proppen som plutselig kan gje stor oljelekkasje. Den risikoen må eg ta, og det er uansett billigare enn ny automatkasse.
Jauda, men automat og ein lett s60, ser ut til å vere ein fin kombinasjon med tanke på livskost.
Ja det er eg og spent på. Eg syns det er fine bilar, men har ikkje funne meg heilt til rette i den enno. Toyotaen har vore ein kjemoebil på alle måtar, kjøpt for vrakpant, kjørt 70000 og lagt ut 10-12000 på 3,5 år, det er nok ikkje mange som slår den. Som sagt er hovedgrunnane til ny bil sikkerhet og drivstofføkonomi. Kor mykje av den vinninga som går opp i spinninga blir spennande å sjå. Heldigvis blek bilen kjøpt billig, har lkte rust, euro3-motoren (ingen virvelspjeld, dpf osv) og manuell for å eliminera flest mulig feilkilder.
Når det gjeld skruing har jo eg den fordelen at eg har tilgang på skikkeleg verkstad, og desse er egentlig greie å skru på i forhold til mange andre europeiske bilar, og har den fordelen at dei rustar lite. Mange japanske bilar er nok enklare på mange måtar.
Ja du er jo heldig som har tilgang på verksted å jobber med det så kan fikse alt men for de av oss som ikke har det så blir det fort dyrt. Å er rart det med biler jeg fant meg igrunn aldri til rette i V70 en følte det var en nedtur sammenlignet med 240/740 som jeg trives veldig godt med. Og det med den Toyotaen så er jo det bare imponerende å et godt eksempel på hvor billig bilhold kan være. Men ser det med drivstoff økonomi å spesielt sikkerhet vi lever jo bare en gang så det er jo veldig viktig. Jeg er nå heldig å har funnet for meg den perfekte bruksbilen med god nok kjørekomfort et forbruk på 0,4 på mila i sommerhalvåret enkel mekanikk å er sikker det eneste er at den har veldig pensjonist preg men det passer meg så det kan jeg leve med. Men det er ikke alltid enkelt å finne biler en liker å spesielt blandt moderne biler som er så kjedelige.
Ikke lett å holde følge med hvilken bil jeg skal hilse på når jeg møter deg på vegen. Men S60'en tror jeg at jeg skal ha god kontroll på =)
Jeg var veldig fornøyd med min 2001 2.0T S60 når jeg hadde det. God bil og god på langkjøring. (men det gjelder vel alle Volvoer?)
Jauda, men automat og ein lett s60, ser ut til å vere ein fin kombinasjon med tanke på livskost.
Ja, sjangsen for girkassehavari er jo adskillig mindre enn faren for at det må skiftast svinghjul, so sant det ikkje blir kjørt mykje med hengar utan å tenka på girkassen og lite/ingen vedlikehald.
Ja du er jo heldig som har tilgang på verksted å jobber med det så kan fikse alt men for de av oss som ikke har det så blir det fort dyrt. Å er rart det med biler jeg fant meg igrunn aldri til rette i V70 en følte det var en nedtur sammenlignet med 240/740 som jeg trives veldig godt med. Og det med den Toyotaen så er jo det bare imponerende å et godt eksempel på hvor billig bilhold kan være. Men ser det med drivstoff økonomi å spesielt sikkerhet vi lever jo bare en gang så det er jo veldig viktig. Jeg er nå heldig å har funnet for meg den perfekte bruksbilen med god nok kjørekomfort et forbruk på 0,4 på mila i sommerhalvåret enkel mekanikk å er sikker det eneste er at den har veldig pensjonist preg men det passer meg så det kan jeg leve med. Men det er ikke alltid enkelt å finne biler en liker å spesielt blandt moderne biler som er så kjedelige.
Ja det er rart detta dar, eg har for so vidt likt p80 -bilane godt, men enkelte bilar går det berre ikkje å bli venn med. Kva bil er det du har no?
Ikke lett å holde følge med hvilken bil jeg skal hilse på når jeg møter deg på vegen. Men S60'en tror jeg at jeg skal ha god kontroll på =)
Jeg var veldig fornøyd med min 2001 2.0T S60 når jeg hadde det. God bil og god på langkjøring. (men det gjelder vel alle Volvoer?)
S60, 940 og blå Carina er vel dei tre eg kjem til å bruka no framover. Volvoen din er ikkje til å ta feil av, verre med den andre...
Kva bil er det du har no?
Nå kommer jeg til å bli ledd av men det for bare være 2017 Hyundai i10. En overaskende bra bil å ga heller nesten ingen ting for den pga høy kjørelende å at de fleste ikke vil ha slike biler her i landet. En grei bruksbil å pengene jeg sparer kan da brukes på noe gammelt å kjøre med om sommeren.
Forresten Blubird en du eide har kommet for salg.
S60, 940 og blå Carina er vel dei tre eg kjem til å bruka no framover. Volvoen din er ikkje til å ta feil av, verre med den andre...
Vel, den andre bilen snakker vi ikke om :-|
Følger med!
Det er ikke så mye aktivitet generelt her inne lenger, desverre....
Nå kommer jeg til å bli ledd av men det for bare være 2017 Hyundai i10. En overaskende bra bil å ga heller nesten ingen ting for den pga høy kjørelende å at de fleste ikke vil ha slike biler her i landet. En grei bruksbil å pengene jeg sparer kan da brukes på noe gammelt å kjøre med om sommeren.
Forresten Blubird en du eide har kommet for salg.
Eg ler ikkje, har hatt mykje rart sjølv, til og med ein gammal Yaris. i10 er jo eit veldig fornuftig bilvalg, som du kan gjera gode kjøp på fordi det ikkje er so mange som tenker på å kjøppa det. Men må jo ha ein gammal bil til bruk om sommaren i tilegg ja :)
Vel, den andre bilen snakker vi ikke om :-|
Det er ikkje det stiligaste som har blitt laga, men heilt sikkert ein grei bil til sitt bruk
Følger med!
Det er ikke så mye aktivitet generelt her inne lenger, desverre....
Nei dessverre har det avtatt veldig, trur det er diverse facebookgrupper som har overtatt, og det er egentlig litt synd, for forumet her er mykje meir oversiktlig og i mange tilfelle meir seriøst.
Eg gjekk plutselig laus på Corollaen med vinkelslipar. Det har jo tatt litt av med bilar her, so nåken måtte vekk. Då det blei to dagar karantene og fint ver, og eg hadde nye hjulbuar liggande, paste det fint å setta i gong. Bortsett frå hjulbuane bak var bilen ganske bra, so eg tenkte det måtte gå an å selga den når hjulbuane var sveist.
Skar først vekk alt som var rusta på begge sider, det var mykje meir på innsida enn det som var synleg, det understrekar viktigheten av holromsbehandling.
https://i.imgur.com/tqFGlrD.jpg
Ny hjulbue ferdig (godt nok) tilpassa og punkta på plass
https://i.imgur.com/HjZhYd7.jpg
Ferdig resultat. Ikkje perfekt, men mykje finare enn det var. Og samme kveld kom det ein fyr frå Jørpeland og henta bilen.
https://i.imgur.com/YLRDTOm.jpg
Litt styggare på høgre sida, der slo det seg litt nåken plassar.
Har no begynt på ein liten sveisejobb på den grå Carinaen, ikkje lika mykje som skal gjerast på den, berre på eine sida bak og litt oppetter hjulbuen.
Viss nåken skulle vera i tvil om det har nåke for seg å sprøyta rustbeskyttelse inni kanalar, holrom osv, lar eg desse bilda tala for seg sjølv.
https://i.imgur.com/9CZ7Qc6.jpg
Såg ganske fint ut på utsida.
https://i.imgur.com/6jHdc7U.jpg
Viss detta får godgjera seg over litt tid råtnar bilen frå innsida og ut, her kjem eg til å sprøyta med sagkjedeolje som trekker inn i rusten og stoppar, eller i alle fall bremsar rustutviklinga kraftig. Sauefett skal gjera samme nytten, men tectylprodukt som er berekna på holrom må brukast før det er begynt å rusta nåke særleg. Det vil ikkje trekka godt nok inn i rusten men legga seg oppå. Når det blir gammalt sprikker det gjerne, og det rustar under. Har ikje bilde av det, men såg det veldig tydeleg på Corollaen.
Den grå 245en eg kjøpte var det jo tanken at eg skulle venta litt med å setta i stand, for å få gjort nåken andre prosjekt først, men det var so fuktig inni bilen at eg ikkje ville la det stå sånn, so har heve ut alle mattene for å tørka golvet. Har og rydda opp litt i ledningsnettet, det er ikkje lett å forstå kva dei som har vore der og kobla før har tenkt, sjølv om detta longt frå er det verste eg haar sett gjekk det ein del timar, men kjem seg no. Må finna ut hen det kjem inn vatn og få stoppa det, og so blir nok den bilen ståande på vent ei stund før det skjer stort meir med den. https://i.imgur.com/XmDLNuw.jpg
S60en har vore på EU-kontroll og 4 2ara, tre av dei relatera seg til lysbrytaren, den andre er at ABS-lyset lyser. Feilkode på høgre bak, får sletta den, men kjem tilbake når eg kjører i over 40. Lysbrytaren har eg prøvd å lodda, då virka den i to dagar, lodda på nytt og då virka den to dagar til... får kjøpa meg ein ny.
Cruisekontrollen virkar heller ikkje, kløtsjpedalsensor som er problemet visstnok, men det er ikkje første pri, veiane eg kjører på passar egentlig ikkje so godt til cruise control-kjøring.
Ellers er det litt lyd i eit klikkestag bak, ein slapp støtdempar og flikking av påbegynt rust som står på planen. Etter kvart blir det nok investert i skvettlappar, bagasjeromsmatta og vindskjermar til framdørene (kanskje alle 4). Viss nåken kan komma med anbefaling er det flott, helst ikkje veldig smale. Til hausten er det nok stor fare for at det blir ekstralys og, det er jo nermast blitt ein tradisjon at eg har det på alle bilar, og ein blir avhengig. Og so må eg ha setetrekk, i det minste på førarsetet. Det lyse interiøret i denne bilen kjem fort til å bli stygt når eg setter meg inn med arbeidskle. Kanskje finna eit som lett kan takst vekk ved høgtidlege anledningar.
https://i.imgur.com/Wkw9zzk.jpg
Det er mulig eg skaffar meg xenonlykter og, det blir i so fall gamle typen (opp til 2004). Det er jo forholdsvis godt lys i desse halogenlyktene og, men vil alltids ha meir.
vangsfreaken
07/06/21, 22:20
jeg skjønner godt om du vil ha ekstralys på S60'n også, men for guds skyld... IKKE bøtter! :p her kan du gjerne benytte anledningen til å teste en moderne ledbar under skiltet...
Bøtter er jo mykje tøffare enn ledbar. Det er fullt mulig å få det til å sjå ca vetig ut og, viss ikkje dei er for store. Blir det stygt får eg heller ta det vekk om sommaren. Under skiltet blir det nok i alle fall ikkje, det blir for mykje skyggelegging, ein del plassar der eg kjører er det ganske bratt grasskråning ned på sida av veien, kanskje 2-3 meter ned, men ikkje brattare enn at ein hjort lett hoppar opp på veien. Med lysa for lavt nede blir det eit skyggelagt område der som er stort nok til at det kan stå ein hjort der som eg ikkje ser sjølv om eg sitter høgt nok til at eg kunne sett den, fordi lyset er for lavt plassert. Derfor blir det i alle fall ikkje lavare enn hovedlyktene. Ideelt sett høgare, men det ser so teit ut.
Her er oppsettet eg hadde på Carinaen i vinter, det er mange som har meir lys enn detta, men eg såg det eg trengte å sjå, og både fargen og styrken var grei med tanke på at to 55 w halogenperer sto for nærlyset.
https://i.imgur.com/0mWhyrA.jpg
Dei to firkanta i på den vanlege plassen er vanlege halogen Bosch Profi, reit supplement til originallyktene, gjekk frå elendig til ok lys. På taket var det to små halogenlykter med spot lysbilde for å få litt lengda på det, og i midten ein billig ebayledbar som lyser vidt, men kort. Til sammen vart det bra lys syns eg, hadde sjølvsagt brytar til å slå av det på taket ved tett tåke eller snø i lufta.
vangsfreaken
07/06/21, 23:16
Jeg er godt kjent med ønsket om mer lys, viktighet av plassering, også videre... Jeg har tatt i litt selv [emoji14]
http://forum.vccn.no/img-dump/2021/06/17.jpg
Men det er virkelig ingen bil som kler bøtter dårligere enn S60 [emoji14] egentlig en nydelig bil, men når den har så tydelige linjer både foran og bak blir store, runde lykter et lite mareritt... Man får til GODT NOK med en god ledbar under skiltet der ;)
Sent fra min AC2003 via Tapatalk
Men det er virkelig ingen bil som kler bøtter dårligere enn S60 [emoji14] egentlig en nydelig bil, men når den har så tydelige linjer både foran og bak blir store, runde lykter et lite mareritt... Man får til GODT NOK med en god ledbar under skiltet der ;)
Sent fra min AC2003 via Tapatalk
Heilt einige i at forma på S60 inviterar ikkje til å sette på store bøtter.
Heilt einige i at forma på S60 inviterar ikkje til å sette på store bøtter.
Dei detter ikkje lika fint på plass som på eldre Volvoar, det er sant. Men uansett kva det blir, so må det vera over skiltet.
Morgis monterte slike, desse kostar nok meir enn dei smakar: http://forum.vccn.no/img-dump/2021/06/37.jpg
Det går jo etter kvart an å få veldig godt lys av små lykter, men det er vel neppe veldig mykje lys for pengane. Grei løysing for å få det mest mulig diskre då.
No føler eg meg flink. Fortsetter eg sånn ligg det an til nesten 4 oppdateringar i året!
Brukte S60en til EU-fristen gjekk ut, fekk tak i lysbrytar som virka og fant ut at det var ABS-ringen på venstre drivaksel som var problemet med ABSen. Under montering knakk sjølvsagt bolten på drivakselen, og var ikkje lett å få ut. Det prosjektet balla forresten på seg litt. Det var litt rust på framskjermane der skvettlappen skal vera, so eg tok dei av for å gjera litt tiltak der. Tok etter kvart vekk plastinnerskjermane og for å gjera skikkeleg reint og stoppa rust som var påbegynt. Det vart oppdaga ein del rust i dempartårna, so fjørbein vart og demontert og eg gjorde reint oppi dempartårna. På høgre sida var det fleire hol, so eg måtte sveisa inn ein ny del.
https://i.imgur.com/08BX4Vh.jpg
240en får 4 nye skjever og ei berekula etter EU-kontroll.
Oppi høgre dempartårn
https://i.imgur.com/yaV5Fbj.jpg
Skar ut her fordi det var veldig tynt og fleire små hol.
https://i.imgur.com/YHO2Ve1.jpg
Laga ny del
https://i.imgur.com/jWyT3Bo.jpg
Og sveiste på. Har ikkje etter-bilde, og det er kanskje lika greit for det ser ikkje fint ut, men det er jo ikkje so nøye oppi der, berre det blir holdbart.
https://i.imgur.com/zSkIvSH.jpg
Sånn står bilen no. Har kjøpt xenonlykter som eg vil ha på, men den eine treng ny balast først.
https://i.imgur.com/xhTs466.jpg
Dermed blei årets ferietur i Carina, grå denne gongen. Tenkte det var greit at den fekk strekka litt på beina etter å ha stått stort sett i ro i nesten to år. Her på Dalsnibba ved Geiranger.
https://i.imgur.com/tPNLIeu.jpg
Heilt grei feriebil egentlig. Passerte 200000 km på Utvikfjellet, var på Østlandet litt og. Vart lca 2000 km på heile turen.
https://i.imgur.com/1VU6E8A.jpg
Årdal-Tyin
https://i.imgur.com/38CqSrp.jpg
Overnatting i bilen. Fordel med god retningssans for å finna ein plass det er skygge om morningen.
https://i.imgur.com/UChzENj.jpg
Etter ferieturen var det EU-kontroll, fekk feil på avgassen og manglande sikring på ledningen til Defa-ladaren. Skifta O2-sensor og monterte sikring og fekk godkjent. No skal snart den andre Carinaen på EU, der veit eg om eksosanlegg og frambremser, er sikkert meir og.
Her er den, attmed S60en sånn som den står no.
Det har skjedd meir enn detta, men kjem ikkje på meir i farten.
Monterte forresten vindavvisarar på S60en, frå Vparts av den typen som blir limt på. Såg ganske fint ut (syns eg), men kunne godt vore litt lengre. Har berre detta bildet av det. https://i.imgur.com/Yg1rPqi.jpg
Har montert ekstralys og, men er ikkje heilt fornøgd. Har ikkje heilt bestemt meg for kva det endar med. Har lyst på biltema sine Led-bøtter, men vil ikkje ha nåke som er veldig fristande for kjeltringar sidan bilen står parkert på ein ferjekai om dagane.
På tide med ei oppdatering kanskje, ser forrige var i september...
S60en og grå Carina vart brukt i vinter, dei andre fekk stå saltfrie på tunet.
Tok service på begge og fekk tak i nåken litt mindre dårlege vinterdekk til S60en, ellers ikkje gjort stort med dei.
https://i.imgur.com/5vn3vbp.jpg
https://i.imgur.com/U4oxqur.jpg
Såg fort behovet for skvettlappar på S60en når saltet kom, på 940en har eg originale men syns dei er for dårlege, so eg kjøpte gummimatta på Biltema, skar til og monterte. Nåken syns det vart tøft, andre seier det er dritstygt, men det beaskyttar i alle fall bilen og held den reinare, og det er det som er poenget. Sånn ser det ut.
https://i.imgur.com/eZ1r1VL.jpg
Og so fekk eg eit tilbud eg ikkje kunne sei nei til på ein Carina til, 93-modell carina E 1,6. Fekk den EU-godkjent med ein ny dempar og påfyllingsrør, tok stor service med registerreim osv, skaffa nåken felgar utan kast og med gode dekk, flikka litt steinsprut, fiksa låsemekanismen i eine bakdøra og ein lekkasje i bagasjerommet, sveiste eit rusthol, + div småknask, polerte bilen og monterte sjølvsagt ekstralys. Veldig bra bil, men det er grenser for kor mange bilar ein treng, so i april gjekk den vidare til ny eigar.
https://i.imgur.com/GAPR7gL.jpg
https://i.imgur.com/oaEbuHn.jpg
S60en fekk seg litt polytrol på den ulakkerte plastikken, det hjelpte veldig, men hadde tålt ei behandling til no.
https://i.imgur.com/8e8fVWu.jpg
S60en oppførte seg fint heile vinteren, men so fekk eg servolekkasje, trudde det var tannstonga, men det viste seg å vera eit røyr, det som går opp igjen til pumpa går ein omvei framfor bakre tverrgåande bjelke på traversen, viss det var ein forståeleg beskrivelse. Der var det eit mikroskopisk hol under ei eit feste. Som ein nødreparasjon vart det kappa og skøyta med ein slange og slangeklemmer, og sånn kjem det sikkert til å vera i mange år. I tillegg er det blitt fleire og fleire lydar i forstillinga, lekkasje frå simmering til eine drivakselen, utetempsensor som viser 50 grader for lite av og til (som fører til at webastoen startar sjølv om det er sommar), eit fjørbeinslager som er begynt å bli dårleg, demparane framme er ikkje gode, litt lyd i eit hjullager (veldig lite) og litt andre ting. I tillegg håpar eg å få tatt litt rust før neste vinter. Måtte ta hjulstilling då rattet plutselig sto skeivt når eg klørte rett fram, veit ikkje om at nåke har skjedd og det er berre eg som har brukt bilen, men spissinga var heilt på villspor på eine sida framme, har heldt seg bra no etter eg justerte.
Den grå Carinaen som var min andre bruksbil i vinter fekk også nokre få små reparasjonar før den reiste til sin nye eigar i Haugesund, so no har eg berre ein Toyota igjen, den til venstre på bildet, den eg har hatt lengst.
https://i.imgur.com/q2z9lab.jpg
Då var det tid for å gjera 940en klar for etterkontroll, er jo snart to år sidan han var på kontroll, so må jo snart ha ny kontroll. Skifta band til handbremsa, overhalte caliperen HF, skifta slange og caliper VF og litt andre ting. Caliperen VF overhalte eg når eg fekk bilen for snart 10 år sidan, men no var den moden for utskifting.
Bilen er no godkjent og eg har kjørt den ein del i sommar (det gjorde eg i fjor og, men no er det lovleg).
Eg føler meg mykje meir heima i 940en enn S60en, skal eg på longtur er det 940en som er førstevalget, S60ener heilt grei den og, det samme er Carinaen, men eg meinar 940en er den mest komfortable bilen eg har.
https://i.imgur.com/YeA2x7W.jpg
Kjørte pappa sin 87 245 jubileumsmodell i veteranbiltog på 17 mai.
https://i.imgur.com/muRLVOs.jpg
Når 940en var godkjent var det 245en sin tur. Det er ein del som må gjerast på den. Jekka opp bak for å skifta bremser og ta rust i hjulbuane bak.
https://i.imgur.com/CUq3opY.jpg
Nye skjever då klossane har vore på stålet. Heldigvis såg det ut som handbremssko og caliperar er relativt nye, so det var ganske fort gjort å skifta.
https://i.imgur.com/V8ZjgVq.jpg
I tillegg kom det inn vatn rundt panserwiren trudde eg, eg tetta rundt men det hjelpte ikkje. Gaupe her på forumet mistenkte at det kom inn i ein skøyt i karosseriet, og det viste seg at han hadde rett. Tok av panseret med hengslane og reingjorde grundig på begge sider framme, fjerna det som var av rust. fekk behandla rusten og fuga på nytt i alle skøytane, og no ser det ut til å vera tett.
https://i.imgur.com/jWNypvw.jpg
Nye skjever og klossar på plass og nybeisa caliper
https://i.imgur.com/qzQgtOA.jpg
det ser ut som kanalane har vore skifta, men fant eit lite rusthol likavel som eg måtte sveisa.
https://i.imgur.com/sSSh3ho.jpg
Tre av dørtrekka har vore av for å smøra opp div låse og vindusmekanismar og festa innvendige dørhandtak.
https://i.imgur.com/Vh0GFTA.jpg
Når eg fekk bilen var det svarte dritstygge lister på dasjbordet. Det viste seg å vera trelister som var lakka svart. Pussa vekk lakken, limte litt der det var behov og olja dei.
https://i.imgur.com/MhD2tm7.jpg
Det sto blå framseter i bilen, førarsetet var elendig, so eg kjøpte nåken billige skinnseter frå ein eldre 240. Mindre dårleg å sitta i (men sidestøtte = 0) og skinnet kan reddast trur eg.
https://i.imgur.com/MxITzeQ.jpg
No er bakhjula komt nedpå og framhjula oppifrå. Før det tok eg ein prøvetur, og det gjenstår nok ganske mykje arbeid før denne er klar for veien sjølv om karosseriet er relativt ok. Rare lydar både her og der, har nok levd eit hardt liv denne, men det blir nok bra til slutt.
Fint med tusjstrek i taket, vurderer å lakka det svart sånn som eg gjorde på 940en.
https://i.imgur.com/KZRMZi8.jpg
940en fekk ein liten service etter EU-godkjenninga, er gått 462000 km no. Forrige veka tok eg den med på tur til Sunnmøre.
Rakk ikkje å vaska før turen, so det gjorde eg på Nordfjordeid.
https://i.imgur.com/N7POu3M.jpg
https://i.imgur.com/vVYyIga.jpg
https://i.imgur.com/x7x8CVp.jpg
Ikkje so mykje meir å sei om det, bilen fungerte lika flott som den pleier, og vart sprekare og sprekare i løpet av turen.
Tok nåken bilde ved Alnes fyr.
https://i.imgur.com/X8u3UvX.jpg
https://i.imgur.com/F01bMeC.jpg
https://i.imgur.com/RKMtdNX.jpg
https://i.imgur.com/wUAznU5.jpg
https://i.imgur.com/yq2LIeK.jpg
På tide med ny oppdatering kanskje...
Kort tid etter forrige oppdatering skjedde eit uplanlagt kjøp til.
Litt tilfeldig fekk eg tilbud om å kjøpa ein til 245, samme farge som den eg allerede hadde, til ein grei pris.
Detta er ein 85-modell GL med ein god del rust, den blei parkert i 2013 pga kjøleveskelekkasje og vart ståande i ein garasje i nesten 9 år. Dei hadde hatt start på bilen og kjørt nåken få km for å testa at bremsane ikkje hang og at ting ellers fungerte før eg kom, bilen hadde ellers ikkje vore starta på dei nesten 9 åra den hadde stått.
Eg hadde prøveskilt med og skulle kjøra 30 mil i løpet av natta, galskap? Ja, men det er jo litt kjekt og.
Eg såg nok litt mørkt på det når eg såg kor stor lekkasje det var. Det var pakningen mellom vannpumpa og toppen som var problemet, men han hadde nåke fugemasse som me klatta på og so fylte me ein boks med radiatorsement på og det hjelpte ein del. For å vera sikker fekk eg med sikkert 20 liter vatn på diverse tomflasker og kanner, og kjørte av gårde i 11-tida om kvelden.
Det vart nåken stopp for å fylla på vatn, det gjekk an å kjøra ganske lenge før eg måtte fylla på, men eg velgte å sjekka relativt ofte likavel for å vera på den sikre sida. I Førde stoppa eg for å kjøpa litt nattmat på ein bensinstasjon, velgte å halda bilen i gong sio batteriet ikkje var mykje liv i, men etter ei god stund på tomgong mens eg venta på maten kokte han, so eg måtte slokka han.
Lot han stå og kjøla seg mens eg åt, fylte på igjen vatn og gjorde meg klar til å kjøra, men fekk sjølvsagt ikkje start. Venta ei stund for å sjå om det kom nåken av rånarane som hadde vore der kom tilbake og kunne gje starthjelp, men til slutt sette eg bilen i fri og begynte å skubba so fort eg klarte, ut på hovedveien. Det er veldig flatt der, so eg fekk etter kvart nok fart til at eg kunne hiva meg inn i bilen, få på tenninga, setta han i gir og sleppa ut kløtsjen. Han starta so vidt, og då var det berre til å kjøra, so lenge bilen var i fart heldt temperaturen seg stabil. På Lavik viste det seg at det var ganske lenge til ferja kom, so då parkerte eg i en bakke litt lenger oppe i bygda der sånn at eg lett kunne få start når ferja kom, og heldigvis var det den ferja med sidedekk, eg fekk lov å stå i bakken der (det var 3 eller 4 bilar på ferja). Resten av turen gjekk ganske radig, bortsett frå veiarbeid i ein tunell, der og var det heldigvis ein bakke som eg kunne bruka for å få start, og eg parkerte heima på tunet når det so vidt begynte å bli lyst (detta var i august).
https://i.imgur.com/7ucsWm8.jpg
https://i.imgur.com/67L4BLV.jpg
https://i.imgur.com/6uXLMl8.jpg
Har foreløbig ikkje gjort so mykje på denne bilen, har skifta batteri, flusha kjølesystemet og skifta vannpompa, ellers ikkje stort.
Det er ein del rust å sveisa, bortsett frå det trur eg ikkje det er mykje gale på denne. Den var veldig tight og fin å kjøra, heilt ulik den andre eg har, som har ca samme km-stand. Denne har berre hatt voksne eigara, som kjører med vet og gjer normalt vedlikehold, det har enormt mykje å sei. Kløtsjen tar veldig longt ute, men slura ikkje under kjøring. Usikker på om den er utsleten eller berre treng justering. Litt lys må sjåast over, og ledningane til bakluka, og batteriet ladar seg ut i løpet av ca ei veka, er det eg veit om som er gale i tillegg til rust.
https://i.imgur.com/2rHu7Oz.jpg
https://i.imgur.com/MwgRfQi.jpg
https://i.imgur.com/YcPrtDI.jpg
https://i.imgur.com/exXsamk.jpg
Fin inni
https://i.imgur.com/SMdOlkk.jpg
Men eg bestemte meg for å først gjera ferdig den andre 245en.
Sveiste litt i golvet ut mot kanal på høgre sida framme, no gjenstår eit lite hol i hjulhuset HB, inn mot bagasjerommet, speedometeret må feilsøkast og fiksast, må ta hjulstilling og div. Og so er det litt uling i girkassen.
https://i.imgur.com/70O3ipS.jpg
https://i.imgur.com/6wjjLh4.jpg
https://i.imgur.com/mKf64qu.jpg
Tar seg jo ganske bra ut, bortsett frå at det er for små dekk.
https://i.imgur.com/IwX7v3K.jpg
https://i.imgur.com/pp9tbBq.jpg
https://i.imgur.com/6wjjLh4.jpg
Fin samling
https://i.imgur.com/T4euWY2.jpg
242en står tørt og fint og ventar på å bli sett i stand
https://i.imgur.com/PJqWLVR.jpg
https://i.imgur.com/V2qn8LP.jpg
940en var hovedbil fram til det nerma seg veisalt, so S60en hadde eit roleg liv i sommar, vart lånt vekk litt, men sto mykje i ro og. No er det den som blir brukt.
https://i.imgur.com/x38byeP.jpg
https://i.imgur.com/9A8t43N.jpg
S60en runda forresten 300000 km i dag, dvs 18000 i mitt eige. Fekk ikkje tatt bilde sidan det var i ein trafikkert tunell, men feira det med å skifta utetempsensor. Tidlegare i haust skifta eg støtdempar, fjørbeinslager, hjullager og simmering på girkassen, på venstre sida framme, dempar og lager skal eg skifta på andre sida og. Ellers har den oppført seg veldig bra.
Men trur dåke ikkje det dukka opp ein til bil på tunet då?
95-modell 855 med 2,5 10v 144 hk motor og ca ingen ekstrautstyr bortsett frå automatisk klimaanlegg. Den er gått 242000 km no, men ifølge historikken til SVV var den gått 310000 i forfjor, so eg veit ikkje. Den står i mitt navn, men det er ikkje eg som brukar bilen.
Den var so billig at det ikkje var nåke å lura på, vrakpant + nesten nye sommardekk er verdt meir enn eg ga for bilen.
https://i.imgur.com/6AfpntD.jpg
Vinterdekk hadde eg liggande til den, og eg brukte nåken dagar på å fiksa dei viktigaste tinga sånn at bilen trygt kan brukast gjennom vinteren. Til våren er det EU-kontroll, kva som skjer då veit eg ikkje, det eg veit er at den ikkje blir godkjent, men eg trur heller ikkje det er so hakkande gale. Men eg ville ikkje gjera meir enn nødvendig no, før me veit kva som skjer etter EU-kontrollen.
Det eg har gjort er
-Skifta registerreim, kun reim, overraskande kjapp og enkel jobb. den gamle reima var over 15 år.
-Skifta termostat
-Skifta servopumpa frå delebil, var lyd i den gamle pga lekkasje på tannstonga, ser ut til at denne kom seg når me fylte på tettestoff.
-Montert ekstralys, det er jo det viktigaste.
-Sveist fester tilstøtfangaren bak, som var rusta laus
-Skifta klikkestag VF som var heilt ødelagt.
- div småting.
Ting soom ikkje er bra
-Bakre del av eksos manglar, må sveisast
-bremseskjever bak er rusta
-klimaanlegget, bleser berre luft rett i trynet, ikkje ned på føtna eller opp på ruta. Viss nåken veit korleis eg kan komma til den spjeldmotoren som styrer det, gje meg beskjed.
-Sikkert mykje meir
Hengarfestet (sikkert uoriginalt) var so rusta at eg reiv det av berre med nevane, bilen ser ellers ganske bra ut for rust.
https://i.imgur.com/2VMpTvp.jpg
Bortsett frå her
https://i.imgur.com/kuEk1eM.jpg
Og framskjermane har blitt lappa med glasfiber, men til den prisen er det berre ein bonus viss bilen ser ca grei ut
Bilen er komfortabel og driftsikker, mykje bil for pengane, so får me sjå kor lenge den varer.
vBulletin® v4.2.5, Copyright ©2000-2024, Jelsoft Enterprises Ltd.