PDA

Vis full versjon : Feilsøking av VVT-system



gaupe
17/08/20, 10:00
Fekk feilmelding på Kam-reguleringa på vår 2000 R AWD. Bilen er gått 220k, det ser igrunnen ikkje ille ut i kanalar, i forhold til eg har sett andre har å vise til der. Pakninga er derimot hard, og det låg ein liten bit av pakninga laus etter eg løfta av solenoiden, og det ser ut som andre bitar har forsvunne i systemet.
http://forum.vccn.no/img-dump/2020/08/50.jpg

Ved å aktivere VVT i Vida, får eg ikkje noko bevegelse i VVT-solenoiden, eg antek at det stempelet inne i kammeret skal verte ført fram og tilbake. Skal dette vere i tilfellet?

Bytta pakninga og satte på plass VVT-ventilen, reknar ikkje med at det har løyst problemet, men det skadar nok ikkje :)

locked
24/08/20, 16:53
Eg har ikkje køyrt ein slik ventil laust, men det er ikkje uvanleg på slikt at det må vere oljetrykk på tilførsel for at dette skal fungere.

Kva seier feilmeldinga? Er det feil på solenoiden eller funksjonen? Den diagnostiserar dette ved å følge med på om forholdet mellom veiv og kamakselsensor varierar slik ECU'en ber om.

gaupe
25/08/20, 07:58
No huskar eg faktisk heilt, men det gjekk på feil på kamregulering. Skal ta å sjekke om feilmeldinga er der enda, etter at pakninga vart bytta.

Er det ikkje råd å kjenne noko bevegelse i solenoiden i drift heller? Er jo dempa av olje dette, men det skal jo vere ein del bevegelse her.